Oversikt over støtteordningar

Merkur-programmet forvaltar fem støtteordningar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det gjeld investeringsstøtte, servicestøtte og utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar, investeringsstøtte til drivstoffanlegg og utviklingsstøtte til bokhandlar. For 2018 var det sett av 39 millionar kr til støtteordningane. Styret har ikkje fastsett budsjett for 2019, men det er klart at ramma vil bli større enn for 2018.

Støtteordninger i Merkurprogrammet 2018 - 2019

1 Investeringsstøtte

Til fysiske investeringar i butikken. Maksimalt tilskot: 400 000 kr Minimumstilskot: 25 000 kr
Avstand til nærmaste butikk Årsomsetning2) Tilskotsprosent
10 km eller øy 1) Maks 7 000 000 kr.- 75 %
10 km eller øy 1) 7 - 10 000 000 kr.- 50 %
Krav til kundegrunnlag: Under 200 husstandar i nærmarknaden
Programstyret kan etter ei fagleg vurdering gjere unntak for butikkar med under 10 km avstand til neste butikk.

2 Utviklingsstøtte til Merkur-butikkar

Til tiltak som kan utvikle butikken og marknaden, gjeld ikkje fysiske investeringar eller reine aktivitetar. Maksimalt tilskot: 50.000 kr Minimumstilskot: 25.000 kr
Avstand til nærmaste butikk Årsomsetning2) Tilskotsprosent
Minst 20 km eller øy1) Under 7 000 000 kr.- 100 %

3. Servicestøtte til Merkur-butikkar

Betaling for den service som butikken gir til lokalsamfunnet. Tilskot: 100.000 kr.- pr år. Må dokumentere service-funksjonar og godkjennast av konsulent/kommune
Avstand til nærmaste butikk Årsomsetning2) Tilskotsprosent
Minst 20 km eller øy1) Under 3 000 000 kr.- 100 %

4. Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Til drivstoffanlegg, primært i tilknyting til daglegvarebutikk. Maksimalt tilskot: 500.000 kr
Avstand til nærmaste butikk Omsetning av drivstoff Tilskotsprosent
Bør vere knytt til Merkur-butikk Under 300 000 liter 50 %

5. Utviklingsstøtte til Merkur-bokhandlar

Til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell møteplass. Maksimalt tilskot: 50.000 kr
Avstand til nærmaste butikk Omsetning i bokhandel Tilskotsprosent
Einaste bokhandel i småby eller tettstad Under 7 000 000 kr.- 100 %
1) Gjeld butikkar som ligg åleine på ei øy eller i eit veglaust samfunn
2) Årsomsetning eksklusiv meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel

SKRIV UT: Her er tabell med oversikt over støtteordningane for 2018-2019 (pdf)

Merkur ført elektroniske søknadsskjema for å få raskare og betre saksbehandling. Vi brukar same type skjema som Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fylkeskommunane og kommunale næringsfond. Du kan rekne med ei behandlingstid på tre veker etter innsending av fullstendig søknad.

Det vart gjort fleire endringar i støtteordningane med verknad frå 2017. Dei aller minste nærbutikkane kan få servicestøtte og Merkur-bokhandlane kan få støtte til utviklingstiltak. Det er også gjort mindre endringar i ordningane for investeringsstøtte og utviklingsstøttte for nærbutkkk. Det er ikkje gjort endringar i ordninga med investeringsstøtte til drivstoffanlegg.

Styret har også gjort vedtak om å stramme inn på nokre av støtteordningane, for å unngå at ein skulle gå tom for midlar tildleg på året.  Frå og med 2017 blir det ikkje gjeve støtte til butikkar som har over 10 mill. kr i årsomsetning. Butikkar med under 10 km avstand til neste butikk vil som hovudregel ikkje få tilskot til investeringar. Når det gjeld støtte til drivstoffanlegg, har anlegg med salsvolum på under 300.000 liter blitt prioriterte.

Endringane i regelverket for tildeling av støtte som vart innført i 2017, gjeld også for 2018 og 2019. Det betyr at det framleis vil vere vanskeleg å få unntak frå regelverket for avstand og omsetning.

NB: Med verknad frå 1.juni 2018 er regelverket for tildeling av økonomisk støtte gjennom Merkur samla i ei eiga forskrift, fastsett av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Merkur-forskrifta byggjer på dei gamle retningslinjene og etablert praksis for tildeling av støtte og medfører såleis ingen endringar for søkjarane.

Skjema for søknader om investeringsstøtte, servicestøtte, utviklingsstøtte og støtte til drivstoffanlegg er lagt ut på nettportalen www.regionalforvaltning.no. Ordninga med utviklingsstøtte til bokhandlar vil bli klargjort for publisering på eit seinare tidspunkt.

Kva slags støtte treng du?

Merkur-forskrifta gir oversikt over gjeldande regelverk og vilkår for tildeling av støtte:

Her er det gamle regelverket for dei ulike støtteordningane (gjeld for tilsegn til og med 31.mai 2018):

Nokre fylkeskommunar har eigne støtteordningar for distriktsbutikkar, som eit supplement til den statlege ordninga. Her kan du finne informasjon om støtteordningane for Troms, Nordland og Telemark.

Nokre butikkar kan også søkje om kommunal støtte.  Det kan vere støtte frå kommunale næringsfond til større investeringar eller direkte økonomisk støtte gjennom vedtak i formannskap og kommunestyre, f.eks i samband med reetablering av nedlagde butikkar.

EØS-avtalen set ei grense for kor mykje offentleg støtte ein butikk kan få. Støtte gjennom Merkur-programmet blir definert som "bagatellmessig støtte". Etter regelverket kan du få opptil 1,7 mill. kr i løpet av tre år, frå Merkur og andre offentlege instansar.
LES MEIR: Kor mykje støtte har du fått?

Slik kan du søkje om støtte

Nettstaden regionalforvaltning.no har laga fleire videoar som viser korleis du går fram for å registrere deg som søkjar, søkje om støtte og be om utbetaling.

SJÅ VIDEO: Slik opprettar du ein søknad

Fordeling av støtte frå Merkur

Her er oversikt over kva for butikkar som har fått støtte gjennom Merkur:

Støtte fordelt på butikkar og kommunar 1.halvår 2018

Støtte fordelt på butikkar og kommunar 2017
Støtte fordelt på butikkar og kommunar 2016
Støtte fordelt på butikkar og kommunar 2015
Støtte-fordeling i 2014
Støtte-fordeling i 2013

Har du spørsmål? Kontakt seniorrådgivar Sissel Karin Hals  
+47 994 57 387
sissel.karin.hals@kdu.no