Oversikt over støtteordningar

Merkur-programmet forvaltar fem støtteordningar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det gjeld investeringsstøtte, servicestøtte og utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar, investeringsstøtte til drivstoffanlegg og utviklingsstøtte til bokhandlar. For 2019 er det sett av 43 millionar kr til støtteordningane.

Regelverket for støtteordningane er regulert gjennom ei staleg forskrift (Merkur-forskrifta). Forskrifta vart endra 16.august 2019, slik at fleire butikkar kan søke om tilskot. Her er oversikt over gjeldande regelverk:

Støtteordningar i Merkurprogrammet 2019

1. Investeringsstøtte til Merkur-butikkar

Til fysiske investeringar i butikken. Maksimalt tilskot: 600 000 kr. Minimumstilskot: 25 000 kr
Avstand til nærmaste butikk Årsomsetning2) Tilskotsprosent
10 km eller øy 1) Under 8 000 000 kr 75 %
10 km eller øy 1) 8 - 13 000 000 kr 50 %

2. Utviklingsstøtte til Merkur-butikkar

Til tiltak som kan utvikle butikken og marknaden, gjeld ikkje fysiske investeringar eller reine aktivitetar. Maksimalt tilskot: 50.000 kr Minimumstilskot: 25.000 kr
Avstand til nærmaste butikk Årsomsetning2) Tilskotsprosent
Minst 20 km eller øy1) Under 8 000 000 kr 100 %

3. Servicestøtte til Merkur-butikkar

Betaling for den service som butikken gir til lokalsamfunnet. Tilskot: 100.000 kr pr år. Må dokumentere service-funksjonar og godkjennast av konsulent/kommune
Avstand til nærmaste butikk Årsomsetning2) Tilskotsprosent
Minst 20 km eller øy1) Under 4 000 000 kr 100 %

4. Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Til drivstoffanlegg, primært i tilknyting til daglegvarebutikk. Maksimalt tilskot: 600.000 kr
Avstand til nærmaste butikk Omsetning av drivstoff Tilskotsprosent
Bør vere knytt til Merkur-butikk Under 500 000 liter3) 50 %

5. Utviklingsstøtte til Merkur-bokhandlar

Til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell møteplass. Maksimalt tilskot: 50.000 kr
Avstand til nærmaste butikk Omsetning i bokhandel Tilskotsprosent
Einaste bokhandel i småby eller tettstad Under 7 000 000 kr 100 %
1) Gjeld butikkar som ligg åleine på ei øy eller i eit veglaust samfunn
2) Årsomsetning eksklusiv meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel
3) Anlegg med salsvolum på under 300 000 liter blir prioritert
Revidert Merkur-forskrift godkjent 16.08.2019

SKRIV UT: Her er tabell med oversikt over støtteordningane for 2019 (pdf), revidert 16.08.2019

Skjema for søknader om investeringsstøtte, servicestøtte, utviklingsstøtte og støtte til drivstoffanlegg for 2019 er lagt ut på nettportalen www.regionalforvaltning.no. Ordninga med utviklingsstøtte til bokhandlar vil bli klargjort for publisering på eit seinare tidspunkt.

Du kan rekne med ei behandlingstid på tre veker etter innsending av fullstendig søknad.

Kva slags støtte treng du?

Merkur-forskrifta gir oversikt over gjeldande regelverk og vilkår for tildeling av støtte:

Her er det gamle regelverket for dei ulike støtteordningane (gjeld for tilsegn til og med 31.mai 2018):

Nokre fylkeskommunar har eigne støtteordningar for distriktsbutikkar, som eit supplement til den statlege ordninga. Her kan du finne informasjon om støtteordningane for Troms, Nordland og Telemark.

Nokre butikkar kan også søkje om kommunal støtte.  Det kan vere støtte frå kommunale næringsfond til større investeringar eller direkte økonomisk støtte gjennom vedtak i formannskap og kommunestyre, f.eks i samband med reetablering av nedlagde butikkar.

EØS-avtalen set ei grense for kor mykje offentleg støtte ein butikk kan få. Støtte gjennom Merkur-programmet blir definert som "bagatellmessig støtte". Etter regelverket kan du få opptil 1,7 mill. kr i løpet av tre år, frå Merkur og andre offentlege instansar.
LES MEIR: Kor mykje støtte har du fått?

Slik kan du søkje om støtte

Nettstaden regionalforvaltning.no har laga fleire videoar som viser korleis du går fram for å registrere deg som søkjar, søkje om støtte og be om utbetaling.

SJÅ VIDEO: Slik opprettar du ein søknad

Fordeling av støtte frå Merkur

Her er oversikt over kva for butikkar som har fått støtte gjennom Merkur:

Støtte fordelt på butikkar og kommunar pr. 26.08.2019

Støtte fordelt på butikkar og kommunar 2018
Støtte fordelt på butikkar og kommunar 2017
Støtte fordelt på butikkar og kommunar 2016
Støtte fordelt på butikkar og kommunar 2015
Støtte-fordeling i 2014
Støtte-fordeling i 2013

Har du spørsmål? Kontakt seniorrådgivar Sissel Karin Hals  
+47 994 57 387
sissel.karin.hals@kdu.no