Konsulentar over heile landet

Merkur-programmet er organisert som eit landsomfattande nettverk med 10 konsulentar fordelt på heile landet. 1.1. 2019 vart Merkur ein del av det nasjonale Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret).

Det er dei 10 konsulentane som har den direkte kontakten med kjøpmenn og bokhandlarar. Konsulentane jobbar med å byggje opp kompetanse i butikkane og er viktige støttespelarar for kjøpmennene i arbeidet med å betre lønsemda og få tilført tilleggsfunksjonar.

Sekretariatet for Merkur er knytt til Distriktssenteret sine tre avdelingar, i Sogndal, Steinkjer og Sandnessjøen. Steinar Fredheim har det faglege leiaransvaret.

Departementet har oppnemnt eit breitt samansett programstyre, med representantar frå butikkbransjen og kommune-Norge. Styret blir leia av Inge Ryan, tidlegare fylkesmann i Nord-Trøndelag og no rådmann i Nye Namsos.