Kommunen kan handle lokalt

Coop Fevåg  ferskvare.jpg

MAT TIL BARNEHAGE: Offentlege innkjøp er viktig for mange nærbutikkar i distrikts-Norge.

Kommunane kan handle lokalt utan å kome i konflikt med regelverket for offentlege innkjøp. Distriktskommunar som gjennomfører offentlege innkjøp i eigen regi, står friare til å bestemme kva for kriterium som skal brukast for å vurdere anbod. «Nytteverdi» eller «samfunnsnytte» kan brukast som tildelingskriterium, i tillegg til pris, kvalitet og leveringstryggleik.

SKRIV UT: Kommunen kan handle lokalt

Mange kommunar har gått inn i samarbeid med andre kommunar om felles innkjøp. Slike innkjøps-samarbeid fører gjerne til at kommunane vel ein større leverandør i staden for å handle lokalt. Men kommunane kan velje å stå utanfor eit innkjøpssamarbeid, frå sak til sak.

Kommunane har også rom for å handle lokalt på nærbutikken, når det gjeld «bagatellmessige innkjøp».

Lokal handel er god kommune-økonomi, fordi det styrkjer det lokale næringslivet og skaper lokale arbeidsplassar.

LES MEIR: Derfor bør kommunen handle lokalt

Offentlege innkjøp er viktig for distriktsbutikkane. For nokre butikkar utgjer leveransar til skule, barnehage, SFO, aldersbustader, heimehjelp og liknande 10 prosent av omsetnaden.

LES MEIR: Offentlege innkjøp i distriktsbutikken

Forbod mot diskriminering

Lokalpolitikarar er opptatt av etablering av nye arbeidsplassar. Mange ønskjer å støtte opp om lokalt næringsliv, men dei er redde for at tilpassingar av anbodet for å opne for lokale tilbydarar skal vere i konflikt med regelverket for offentlege innkjøp.

LES MEIR:
Hol kommune får ikkje handle lokalt
Lødingen kommune vil handle lokalt

Kommunen kan ikkje diskriminere tilbydarar frå andre kommunar ved å seie at dei i utgangspunktet vil handle lokalt og velje ein lokal leverandør. Men kommunen kan utforme kriterium for val av leverandør på ein slik måte at pris ikkje blir einaste kriterium.

I offentlege innkjøp er det vanleg å velje leverandør ut frå prinsippet om «den økonomisk mest fordelaktige løysinga». Aktuelle tildelingskriterium er pris, kvalitet, gjennomføringsevne og eventuelt service.

Lokalt næringsliv taper

Men det er ikkje sikkert at anbodet som kjem ut som det «økonomisk mest fordelaktige» etter slike kriterium er det økonomisk mest fordelaktige for ein distriktskommune.

Dersom store firma frå meir sentrale kommunar får alle offentlege innkjøp, vil det få negative konsekvensar for lokalt næringsliv. Dette gjeld både bygdebutikkar, faghandlar og servicebedrifter.

Når offentlege innkjøp går til aktørar utanfor kommunen, så kan dette bety reduksjon i tal arbeidsplassar og i verste fall kroken på døra for små lokale bedrifter.  Det vil gå utover både lokal service og lokale arbeidsplassar.

Dersom kommunen misser arbeidsplassar, vil resultatet også bli reduserte skatteinntekter og reduserte statlege overføringar til kommunen.

LES MEIR: 10 gode grunnar for at kommunen skal handle lokalt

Bruk alternative kriterium

Kommunen kan påverke val av leverandør ved å bestemme kva for tildelingskriterium som skal veljast. «Nytteverdi» eller «samfunnsnytte» kan med fordel brukast som ekstra tildelingskriterium, i tillegg til pris, kvalitet og leveringstryggleik. På denne måten kan ein sjå offentlege innkjøp i ein vidare samfunnsmessig samanheng og vurdere kva for verknad kommunens kjøp har for lokalsamfunn og kommuneøkonomi.

Kriteriet «nytteverdi» eller «samfunnsnytte» kan splittast opp i to underpunkt. Det eine handlar om effekt for arbeidsplassar og skatteinntekter. Det andre handlar om effekt for lokalt servicetilbod. Kommunen må så gi ei kvalifisert vurdering av dette, på same måte som ein vurderer kvalitet og leveringstryggleik.

Dersom kommunen ønskjer å bruke slike kriterium, kan ein velje å gå  ut av til dømes ei fylkeskommunal innkjøpsavtale. Når kommunen sjølv lyser ut anbodet, kan kommunen også styre kva som skal vere tildelingskriterium.

EKSEMPEL: Tokke kommune går ut av innkjøpssamarbeid

Bli underleverandør

Kommunar som har sentrale innkjøpsavtalar, forpliktar seg til å følgje desse avtalane når det gjeld innkjøp som er omtalt i avtalen. Men det kan vere rom for å handle lokalt når det er snakk om «bagatellmessige innkjøp».

Dersom butikken taper eller ikkje deltar i ein anbods-konkurranse, kan den likevel vere i posisjon til å få anbodet ved å bli underleverandør. Det er krevjande for større leverandørar å levere til utkantane.  Bygdebutikken har den fordelen at den er lokalisert nær kjøpar og kan levere med høg grad av service.  Butikken kan difor vere i ein gunstig forhandlingsposisjon med den leverandør som vann anbodet og få ein akseptabel pris for jobben.

Nokre kommunar stiller krav om lærlingar ved utlysing av offentlege kontraktar. Men dette kravet gjeld berre for innkjøp på over 1,75 mill. kr, i bransjar der det er særleg behov for lærlingar.

LES MEIR: Offentlege innkjøp i distriktsbutikken

SKRIV UT DENNE ARTIKKELEN