Oversikt over aktuelle nærbutikkar

Hongsand på film_Anne.jpg

INTERVJU: Elev frå Sør-Roan skole intervjuar kjøpmann Anne Gipling ved Hongsang dagligvare i Sør-Trøndelag.

Mange bygder i distrikts-Norge har ein barneskule - og ein nærbutikk. Fleire bygder har også ungdomsskule-tilbod. Merkur har laga ei oversikt over lokalsamfunn som har både nærbutikk og ungdomsskule.

Minst 160 lokalsamfunn i distrikts-Norge har både ungdomsskuletilbod og ein nærbutikk som deltar i Merkur-programmet. I tillegg kjem litt større distriktsbutikkar som kanskje er lokalisert til eit større bygdesenter.

I desse bygdene skulle det liggje praktisk til rette for å gjennomføre eit undervisningsopplegg omkring mat og nærbutikk, inkludert enkle filmopptak. Men det er ingen ting i vegen for at ungdomsskular som har lenger avstand til butikken, også brukar dette undervisningsopplegget.

Her kan du laste ned oversikt over aktuelle nærbutikkar og skular, fordelt på landsdelar og fylker:

Nord-Norge    |    Trøndelag     |    Vestlandet    |    Sørlandet    |    Østlandet