Vil du lage film om nærbutikken?

MOBILFILM: Elevane ved Dravlausbygda skule i Volda tok utfordringa med å lage film om nærbutikken. Her er det Knut Tore Tjugen og Siw Helen Torvik som filmar kjøpmann Hilde Indrøy.

Har du lyst til å lage film om nærbutikken!  Merkur-programmet gjennomførte i skuleåret 2015-16 ein film-konkurranse for elevar i 8.-10.klasse, i samarbeid med NRK Skole og filmselskapet Mediamente. Rødøy skole i Nordland vann første premie og fekk eit gåvekort på 5000 kroner. Det er framleis muleg å bruke undervisningsopplegget som eit prosjekt-arbeid på skulen.

Merkur tilbyr eit undervisningsopplegg som er utvikla av filmselskapet Mediamente, i samarbeid med NRK Skole. Det pedagogiske opplegget er knytt opp mot læreplanmål i Mat og helse og Norsk.

NRK har fleire gonger vist dokumentarfilmen «Vårt daglige brød», om ein kjøpmann som slit for å halde den vesle butikken i bygda open heile året. Mange kundar vel heller å handle i eit større lågprisbutikk, 12 km unna. Denne filmen er utgangspunktet for undervisningsopplegget.

Det pedagogiske opplegget har tre komponentar:

1. Elevene skal sjå dokumentarfilmen «Vårt daglige brød»
2. Elevane skal diskutere problemstillingar frå filmen knytt opp mot kompetansemåli aktuelle fag
3. Elevane skal lage ein kort film om temaet mat og nærbutikk

Filmen kan lagast med mobilkamera eller vanleg kamera. Elevane kan velje om de vil lage ein enkel reportasje-film frå butikken, dramatisere ei historie omkring mat og butikk eller lage ein personlig film om sitt forhold til bygdas butikk.

Den ferdige filmen kan leggast ut på Youtube eller Vimeo. Send gjerne ein epost til Merkur-programmet med link til filmen, så kan vi publisere den på nettside og Facebook. 

Epost: per.kjetil.jorgensen@merkur-programmet.no

Tar skulen utfordringa?

 

REssursar TIL FILM-PRODUKSJON:

Mediamente har laga eit undervisningsopplegg for ungdomsskulen, med utgangspunkt i faget Mat og Helse:
Undervisningsopplegg     |     PDF-fil for nedlasting

Fire ungdomsskular har prøvd ut undervisningsopplegget og fått laga mobilfilmar frå sin nærbutikk:  Mobil-filmar
Høle skule    |     Nesflaten skule   |    Sør-Roan skole    |     Dalsfjord skule

Filmselskapet Mediamente har laga fire mini-dokumentarfilmar frå fire distriktsbutikkar:
Reportasjefilmar om nærbutikk

Er du usikker på korleis du skal gå fram for å lage film med mobilen?
Tips til hvordan du kan lage mobilfilm

Kvar er nærmaste nærbutikk? Kvar er nærmaste ungdomskule? Merkur har laga ei oversikt over aktuelle butikkar og skular:
Oversikt over lokalsamfunn med nærbutikk og ungdomsskule

 

 

 

.