Fem elevfilmar om nærbutikk

Fire ungdomsskular i distrikts-Norge har laga mobil-film om nærbutikken, i samarbeid med filmselskapet Mediamente. Klassane gjennomførte Merkurs pedagogiske opplegg for mobilfilm og drog så til butikken for å gjere filmopptak.

Skuleåret 2015-16 gjennomførte Merkur ein film-konkurranse for elevar i 8.-10.klasse, i samarbeid med NRK Skole og Mediamente. Rødøy skole i Nordland vann første premie og fekk eit gåvekort på 5000 kroner.

Vil du lage film om nærbutikken din? Det er framleis muleg å bruke undervisningsopplegget som eit prosjekt-arbeid på skulen.

Les meir: Slik kan du lage film om lokalbutikken

HONGSAND

Filmen er laga av elevar frå Sør-Roan barne- og ungdomsskole i Roan kommune, Sør-Trøndelag. Elevane har besøkt Hongsand Handel (Joker Hongsand).
 

NESFLATEN

Filmen er laga av elevar ved Nesflaten barne- og ungdomsskule i Suldal kommune, Rogaland. Elevane har besøkt Nesflaten landhandel (Nærbutikken Nesflaten).

HØLE

Filmen er laga av elevar frå Høle barne- og ungdomsskule i Sandnes kommune, Rogaland. Elevane har besøkt Høle handelslag (Coop Marked Høle).

RØDØY

Filmen om Nærbutikken Rødøy er laga avi Rødøy kommune, Nordland.  Denne filmen vann første premie i Merkurs film-konkurranse for ungdomsskular i distrikts-Norge.

DALSFJORDEN

Filmen er laga av elevar ved Dalsfjord barne- og ungdomsskule i Volda kommune, Møre og Romsdal. Elevane har besøkt Løvikburda (Joker Løvik).