Fakta om Merkur-butikkar

DISTRIKTS-NORGE: Korsfjord Handel ved Altafjorden er ein typisk Merkur-butikk.

Norge har i dag vel 1000 distriktsbutikkar. Meir enn halvparten av desse butikkane deltar i Merkur-programmet. Den gjennomsnittlege Merkur-butikken har ei årsomsetning på 7 mill. kr og ein avstand på 17 km til nærmaste konkurrent.

Dette går fram av rapporten «Fakta og vurderinger rundt butikkene i Merkur-programmet» som vart utarbeidd av Institutt for bransjeanalyser (IBA) hausten 2014.

«Distriktsbutikk» blir her definert som ein daglegvarebutikk med heilårsdrift og fullverdig varesortiment og som er siste daglegvarebutikk i ei bygd eller eit avgrensa geografisk område. Det er også eit krav at butikken ligg i god avstand frå større byar.

«Merkurbutikk» er ein distriktsbutikk som har tilknyting til Merkur-programmet. Det vil seie at kjøpmannen eller butikken har vore med på Merkurs kompetanseprogram eller har aktiv dialog med ein Merkur-konsulent med tanke på deltaking i programmet. Mange av butikkane har også fått økonomisk støtte til investeringar gjennom Merkur.

HER er ei oversikt over Merkur-butikkane

583 Merkur-butikkar

Butikkar fordelt på landsdelar.jpg

I 2013 var det registrert 1006 norske distriktsbutikkar. 583 butikkar (58 prosent) av desse butikkane var registrert som Merkur-butikkar. Nord-Norge har flest distriktsbutikkar og Merkur-butikkar. Slik fordelar butikkane seg på landsdelane:

Nordland og Hordaland har flest Merkur-butikkar. Fylka rundt Oslo-fjorden har få slike butikkar:

7 mill. kr i omsetnad

Merkur-butikkane hadde i 2013 ei gjennomsnittleg omsetning på 7,8 mill. kr. Distriktsbutikkane som ikkje deltek i Merkur, hadde ei gjennomsnittleg omsetning på 14,9 mill. kr.

Distriktsbutikkar fordelt på fylke.jpg

Dei fleste Merkur-butikkane er lokalisert til mindre bygdesenter (35 pst.) eller område med spreidd busetnad (44 pst.). Nokre Merkur-butikkar ligg på turiststader/hytteområde (18 pst). Svært få Merkur-butikkar er lokalisert til kommunesenter (3 pst).

Distriktsbutikkane som står utanfor Merkur, er for det meste lokalisert til kommunesenter eller bygdesenter. Desse butikkane har dobbelt så stor gjennomsnittsomsetnad som Merkur-butikkane.

Merkur-butikkane er siste butikk i sitt lokalsamfunn. Avstanden til neste butikk er gjennomsnittleg 16,8 km. Ein fjerdedel av butikkane har over 20 km avstand til næraste konkurrent. 16 pst av butikkane ligg slik til at kundane må ta båt eller ferje for å nå fram til alternativ butikk.

Bra kunde-lojalitet

Dei fleste Merkur-butikkane er knytt til ei av nærbutikk-kjedene. Dei viktigaste kjedene er Joker (Norges-gruppen), Nærbutikken (Norges-gruppen), Coop Marked (Coop) og Matkroken (Ica). Nokre av dei aller minste butikkane er uprofilerte. Det vil seie at dei får varer levert frå ei av kjedene, utan å marknadsføre seg som kjede-butikk.

Merkur-butikkane har ein gjennomsnittleg marknad på 256 innbyggjarar. Til samanlikning har distriktsbutikkane som ikkje deltar i Merkur, ein marknad på 656 innbyggjarar.

Merkur-butikkane har ein marknadsdel på 78 prosent. Distriktsbutikkar utanom Merkur har ein marknadsdel på 68 prosent. Det betyr at små Merkur-butikkane har meir lojale kundar enn distriktsbutikkar i større bygdesenter. Butikkar på øyar og butikkar med meir enn 20 km avstand til nærmaste konkurrent, har ein marknadsdel på 94 prosent.

Aukande omsetnad

Omsetnaden for Merkur-butikkane auka med 2,5 prosent i 2013, mot 2,1 prosent for dei andre distriktsbutikkane. Daglegvarebutikkane i Norge hadde til samanlikning ein vekst på 3,3 prosent.

- Tatt i betraktning av at gjennomsnittstorleiken for Merkur-butikkane er den langt lågaste og at det er låg folketalsvekst i distrikts-Norge, gir dette eit bilete av at desse butikkane mot alle odds har makta å oppretthalde ein god omsetningsvekst, seier forskingsleiar Per Gunnar Rasmussen i IBA i ein kommentar.

Merkur-butikkane fekk i 2012 eit resultat før skatt på 1,5 pst. Dette er litt betre enn distriktsbutikkane utanfor Merkur, som fekk eit resultat på 1,1 pst.

Mange av dei minste butikkane slit med dårleg lønsemd. Kvar tredje butikk med omsetning under 7,5 mill. kr i 2013, kom ut med negativt resultat. Trenden synes likevel å vere at Merkur-butikkane har fått styrkt økonomien noko dei siste fire åra.

Kvinnelege leiarar

6 av 10 Merkur-butikkar har ei kvinne som dagleg leiar. Gjennomsnittsalder for dagleg leiar er 50 år.

Merkur-butikkane tilbyr gjennomsnittleg 3-4 tilleggstenester, utover sal av daglegvarer. Det mest vanlege er tippe-tenester, utlevering av apotekvarer, sal av drivstoff og post i butikk.

Kjelde: «Fakta og vurderinger rundt butikkene i Merkur-programmet»
Utarbeidd av Institutt for bransjeanalyser AS, september 2014

Les samandraget av IBA-rapporten