Kven kan delta i Merkur-programmet? 

Jan Hesjedal 1 web.jpg

MERKUR-KJØPMANN: Jan Hesjedal driv butikk på Osterøy i Hordaland. Denne butikken vart i 2012 kåra til Vestlandets beste nærbutikk. 

Nærbutikkar i distrikts-Norge er viktigaste målgruppa for Merkur-programmet. Alle daglegvarebutikkar i distrikta kan delta, dersom dei oppfyller eitt av tre punkt:

1. Butikkar som har ein nærmarknad på under 200 husstandar.

2. Butikkar som er lokalisert til stader utan fast vegsamband eller har lang avstand, normalt 10 km, til alternative næraste innkjøpsstad. Dessutan slike som har ei lokalisering som er i samsvar med kommunen sine ynskje om å oppretthalde og/eller tilrettelegge for eit framtidig godt utbygd tilbod av daglegvarer og andre servicetenester.

3. Butikkar valt på etter spesiell vurdering og som er godkjent av programstyret.

I tillegg gjeld at butikken skal vere ein fullverdig dagligvarebutikk og vere villig til å ta på seg tilleggsfunksjonar. Merkur-programmet gjeld primært dei områda som er dekka av det distriktspolitiske verkeområdet. 

Generelle krav til deltakarane:

Merkur-programmet krev følgjande av kjøpmenn som vil delta:

- Sterk motivasjon og interesse for å yte ein eigeninnsats
- Vilje til å utarbeide ein strategisk plan for drifta
- Vilje til å bidra med eigenandel

Korleis bli deltakar i Merkur?

Interesserte daglegvarebutikkar kan vende seg direkte til ein Merkur-konsulent eller ta kontakt med administrasjonen for Merkur-programmet. Aktuelle butikkar kan også bli kontakta av konsulentar som har fått i oppdrag å gjennomføre lokale prosjekt.

Om lag 1000 kjøpmenn fordelt på ca. 800 distriktsbutikkar har pr. dags dato fullført hovudprogrammet. Alle daglegvare-kjedene er representerte. Størst er Norgesgruppen, deretter fylgjer Coop Norge (NKL) og Ica.