Vil du delta på Merkur-konferanse?

REGIONKONFERANSE: Styreleiar Inge Ryan på Merkurs regionkonferanse for Hordaland.

REGIONKONFERANSE: Styreleiar Inge Ryan på Merkurs regionkonferanse for Hordaland.

Butikkane som deltar i Merkur-programmet, får tilbod om regionale konferansar med fagleg og aktuelt program. Konferansane samlar nærbutikk-kjøpmenn på tvers av kjedene.

Konferansane skal vere ei oppfølging av hovudprogrammet, der kjøpmennene får inspirasjon og påfyll av ny kunnskap. Konferansane er også eit høve til å møte andre kjøpmenn frå same distrikt og byggje nettverk.

Merkur-konferansane er også opne for representantar for kommunane og andre som er opptatt av bygdeutvikling og butikkutvikling. Butikk-kjedene blir alltid invitert til konferansane.

Konferansane blir arrangert av den regionale Merkur-konsulenten. Dei fleste stader i landet blir det arrangert årlege konferansar. Konferansane går vanlegvis over to dagar.

Konferanse-program for 2019

5.-6.mars Bodø Konsulent: Line Tellemann

7.-8.mai Tromsø Konsulent: Elisabeth Gamst Mathisen/Ole Svedenborg

(Programmet vert oppdatert fortløpande...)

Vil du delta på Merkurs regionkonferanse? Ta kontakt med den aktuelle konsulenten.