Kommunale tenester på nærbutikken

Kan nærbutikken få ei rolle som kommunens forlenga arm i lokalsamfunnet? Kan kommunen spare pengar og folk få betre tenester ved å satse på kommunale tenester i tilknyting til lokalbutikken? Kan butikken få ei sterkare rolle som utviklingsaktør, som nav i eit  lokalt nettverk?

DELTAKARAR: Kjøpmenn og kommunale representantar på veg til startkonferanse for kommune-prosjektet på Rognaldsvåg i Flora kommune.

Dette er nokre av dei problemstillingane Merkur-programmet arbeider med gjennom utviklingsprosjektet «Kommunen og nærbutikken».

Sju kommunar og 14 nærbutikkar i Sogn og Fjordane deltar i eit nasjonalt prosjekt for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. Prosjektet blir gjennomført av Merkur i samarbeid med Distriktssenteret og KS.

Kommunane Flora, Askvoll, Fjaler, Stryn, Luster, Aurland og Lærdal er handplukka til å vere med på prosjektet, saman med 1-5 nærbutikkar frå kvar kommune.

Prosjektet «Kommunen og nærbutikken»  er sett i gong etter initiativ frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Prosjektet starta våren 2017 og skal avsluttast i 2019.

Nye oppgåver

Målsettinga med prosjektet er å få til tettare samarbeid mellom distriktskommunar og lokalbutikkar. Nærbutikken skal utviklast som eit lokalt servicesenter, med eit variert tilbod av tenester for folk og næringsliv. Det er også fokus på butikken som møteplass, både for fastbuande, tilreisande og nye innbyggjarar med behov for integrering.

Vidare ønskjer ein å stimulere til lokalt utviklingsarbeid der butikken får ei entreprenøriell rolle som nav i eit lokalt nettverk. Det blir arbeidd med å etablere forpliktande avtalar mellom butikk og kommune, der butikken tek på seg nye oppgåver i lokalsamfunnet på oppdrag for kommunen.

LES: Kommunen kjøper service på nærbutikken

Fem nærbutikkar har no fått avtale med Flora kommune om å ytre ekstra service og prøve ut kommunale tenester i butikken. Kommunen betaler 50.000 kr årleg for at lokalbutikken skal fungere som «kommunalt servicepunkt» for innbyggjarane.  To nærbutikkar i Askvoll kommune har fått tilsvarande avtale om å fungere som kommunens forlenga arm i lokalsamfunnet

Bu lenger heime

Deltakarliste Kommunen og nærbutikken 2.jpg

Fleire lokalsamfunn har ei relativt stor gruppe eldre. Dersom folk kan bu lenger heime i lokalsamfunnet før flytting til omsorgsbustad eller andre typar institusjonar, vil kommunane kunne spare pengar på helse- og sosialtenester. Dette er noko av bakgrunnen for prosjektet.

Det også ei viktig målsetting at dei små butikkane kan få fleire tilleggstenester, slik at dei får styrkt det økonomiske grunnlaget for vidare drift. Samtidig vil dette gi betre service for folk på bygda.

Lokale prosessar

2.mai 2017 var 37 ordførarar, rådmenn og kjøpmenn frå Sogn og Fjordane samla på Rognaldsvåg i Flora kommune for å dra i gang prosjektet, saman med representantar frå Kommunaldepartementet, Distriktssenteret, KS og Merkur.

Etter dette har det vore gjennomført kartlegging i dei aktuelle bygdene, for å avdekke behov og potensiale for nye tenester knytt til nærbutikken. På grunnlag av dette er det peika ut fleire konkrete utviklingsprosjekt som det blir arbeidd med i 2018.

Høgskulen i Volda har fått midlar frå Regionalt Forskingsfond på Vestlandet til eit forprosjekt for å følgje Merkur-prosjektet, slik at erfaringane kan formidlast vidare til andre kommunar som ønskjer å satse på lokalsamfunnsutvikling med utgangspunkt i lokalbutikken.
 

VIL DU VITE MEIR?

STARTKONFERANSE 2.MAI 2017

Program for konferansen
Deltakarliste med kontaktinfo
Presentasjon av prosjektet
Kommunale tenester i butikk
Nærbutikken som utviklingsaktør

Utviklingsseminar 21.september 2017

Kommunale servicepunkt

Medie-oppslag

Gode tenester for folk i utkantane
Kommunen kjøper service på nærbutikken
Nærbutikkar i pilotprosjekt - blir bygdas servicesentral