Kommunen kan støtte opp om nærbutikken

TETT SAMARBEID: Ordfører Ola Øie, kjøpmann Torill Dullum Lund og Merkur-konsulent Stig Olson har grunn til å være fornøyd med samarbeidet for ny butikk på Nerskogen. Foto: Krydder kommunikasjon

Nærbutikken har ei nøkkelrolle når det gjeld å møte dei utfordringane som mange bygdesamfunn står overfor. Dersom kommunen legg opp til samarbeid med bygdefolket og lokalbutikken, vil resultatet bli lokalt engasjement for å utvikle levande lokalsamfunn.

Merkur-programmet har gode erfaringar med bygdeutvikling knytt opp til butikk-utvikling. Kjøpmenn i distrikts-Norge veit at eit godt samspel med lokalsamfunnet er heilt avgjerande for butikkens framtid. Samtidig er butikken veldig viktig dersom bygda skal vere attraktiv med tanke på ny busetting.

Lokalbutikken er ein del av infrastrukturen i eit lokalsamfunn, på linje med skule og barnehage.  For fleire små bygder som slit med fråflytting, er butikken den einaste felles-institusjonen dei har igjen. Dersom butikken skulle forsvinne, vil det bli vanskeleg å få tilgang på daglegvarer og viktige tenester som er knytt til butikk-drifta.

Samarbeid med kommunen

Mange kommunar samarbeider aktivt med lokale butikkar, slik at butikken fungerer som kommunens servicekontor. Butikkane formidlar kommunal informasjon, digitalt eller i papir-form. Fleire butikkar har utlån av bøker i samarbeid med folkebiblioteket. Nokre butikkar driv turistinformasjon. Andre driv miljøstasjon for kommunen, med mottak av papir, glas eller hytte-avfall.

LES MEIR: Matkroken Sørstraumen er servicekontor for Kvænangen kommune 
                  Joker Herefoss driver miljøstasjon for Birkenes kommune      
               
Fleire butikkar samarbeider med kommunen om ei skyss-teneste slik at eldre kan kome seg til butikken for å handle og møte andre. Skyss-tenesta blir drive av butikken sjølv, av frivillige eller av lokale drosjar (service-skyss).

LES MEIR: Han henter kundene til butikken

Fleire kommunar gir årlege driftstilskot til dei minste butikkane, for det samfunnsoppdraget dei utfører. Utan butikk ville resultatet kunne bli fråflytting og dårlegare tenester for dei som bur i bygda.  Nokre kommunar har detaljerte samarbeidsavtalar der butikkane får betaling for konkrete tenester som dei utfører for kommunen. Det kan til dømes gjelde vare-bringing, tilsyn med eldre, turistinformasjon, bibliotek og hjelp til å betale rekningar.

LES MEIR: Alta kommune holder liv bygdebutikkene

Bygdas viktigaste møteplass

Nokre kommunar diskuterer ei utvida rolle for butikken, med formidling av omsorgs-tenester. Mange stader er butikken bygdas viktigaste møteplass, der alle kan møtast. Slike sosiale møtestader er svært viktig for både trivsel og psykisk helse. Derfor formidlar Merkur-programmet tilskot til butikkar som ønskjer å utvide kaffikroken og kanskje etablere eit serveringstilbod.

LES MEIR: Butikken kan overta kommunale tenester

Merkur-programmet har hatt fleire samarbeids-prosjekt med kommunar for utvikling av butikken som bygdas møteplass og service-senter. 14 butikkar og 13 kommunar i Nordland og i Trøndelag deltok i prosjektet «Butikken som sosial arena».

Våren 2017 starta eit utviklingsprosjekt i samarbeid med KS og Distriktssenteret. Kommunenes Sentralforbund (KS). Seks kommunar og 11 nærbutikkar i Sogn og Fjordane deltar i prosjektet "Kommunen og nærbutikken", der målsettinga er å få til eit tettare samarbeid mellom kommune, butikk og lokalsamfunn.

LES MEIR: Gode tenester for folk i utkantane

BIBLIOTEK: På Sørstraumen i Kvænangen kan kundene låne bøker når de handler. Butikken låner ut både bøker og filmer, gjennom avtale med det kommunale biblioteket.

Dersom eldre og sjuke kan få hjelp til innkjøp, ærend og små oppgåver som dei ikkje maktar sjølve, vil dei kunne bu lenger heime i staden for å flytte på institusjon. Det er gjortutrekningar som tyder på at ein kommune kan spare over 400.000 kr dersom ein person som treng litt tilsyn og hjelp, kan bu eit år lenger i heimen, i staden for å flytte på sjukeheim.

Lokal handel og lokal utvikling

Kommunen kan også støtte opp om dei lokale butikkane ved å handle lokalt. Mange kommunar er bundne opp av innkjøpsavtalar som forpliktar dei til bruk av større leverandørar. Men kommunane har likevel rom for å handle lokalt på nærbutikken, når det gjeld «bagatellmessige innkjøp». Lokal handel er god kommune-økonomi, fordi det styrkjer det lokale næringslivet og skaper lokale arbeidsplassar.

LES MEIR: 10 gode grunnar for å handle lokalt

Bygdebutikken er ein viktig utviklingsaktør. Fleire stader er butikken utgangspunkt for oppretting av nye arbeidsplassar, til dømes innanfor reiseliv eller lokalmat. Butikken er bygda sitt vertskap for turistar og andre besøkande. Kommunen har mykje å tene på å samarbeide med butikken og bygda for å få til lokal vekst og utvikling.

LES MEIR: Kjøpmannen er bygdas næringsutvikler

Viktig rolle for kommunen

Det er ikkje noko kommunal oppgåve å drive butikk. Men nærbutikken bør likevel få ei rolle i den kommunale planlegginga fordi det er ein så viktig institusjon i lokalsamfunnet.

Fleire kommunar engasjerer seg sterkt for å sikre framtida til nærbutikkane sine. Rennebu kommune meiner at det er så viktig med nærbutikk at kommunen har sett opp eit nybygg for lokalbutikken på Nerskogen, derbutikken får leige på gunstige vilkår. Rømskog kommune har gjort det same. Iveland kommune er i ferd med å byggje opp eit nytt kommunesenter, der lokalbutikken er ein viktig del av "landbyen".

LES MEIR:
Rennebu kommune skal byggje ny nærbutikk

Trekløveret på Nerskogen
Statsråd Sanner åpnet "kommunal nærbutikk"
Iveland kommune byggjer landsby- beste nærbutikk på Sørlandet

Merkur-programmet meiner at butikk-utvikling er god og effektiv måte å drive bygdeutvikling på. Eit godt samarbeid med kommunane gjer det lettare å få dette til.  Kommunane kan ta direkte kontakt med Merkurs 10 regionale konsulentar, som har lang erfaring med bygdeutvikling, bedriftsrådgjeving og utviklings-program.

 

VIL DU HA MEIR INFORMASJON OM BUTIKK- OG BYGDEUTVIKLING?

NOTAT: Slik kan kommunen støtte opp om nærbutikken (pdf)   Bokmål    Nynorsk
GRATIS NYHEITSBREV: Få oppdatert informasjon om bygdebutikkar og bygdeutvikling kvar månad