Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Merkur tek imot søknader om investeringsstøtte til oppgradering eller etablering av drivstoffanlegg i distrikta. Ordninga gjeld først og fremst drivstoffanlegg som er knytt til ein butikk.

Eit godt tenestetilbod er ein viktig føresetnad for å skape attraktive lokalsamfunn i heile landet. Mange lokalsamfunn har store utfordringar med å halde oppe tilbod om sal av drivstoff. Derfor vart det i 2012 etablert ei ordning med investeringsstøtte til drivstoffanlegg.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet er opptatt av å styrke servicetilbodet i distrikta. Investeringsstøtte skal sikre tilgang på drivstoff i dei mest perifere distriktsområda. Mange daglegvarebutikkar har i dag drivstofftilbod som ein av sine tilleggstenester. Støtteordninga skal først og fremst medverke til naudsynt oppgradering av eksisterande anlegg. Men det er også muleg å få tilskot til etablering av nye anlegg, dersom det er nødvendig for å sikre folk i distriktet tilgang på drivstoff.

Drivstoffanlegg som ikkje er knytt til ein daglegvarebutikk, kan også få støtte dersom anlegget er avgjerande for å sikre lokalbefolkninga tilgang på drivstoff.

For 2017 er det sett av til saman 28 millionar kr til dei ulike støtteordningane som Merkur forvaltar på vegen av departementet. Maksimal støtte pr. drivstoffanlegg er 500.000 kr pr. år. Skjema for søknader omstøtte til drivstoffanlegg er lagt ut på nettportalen www.regionalforvaltning.no.

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året. Men prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla. Du kan normalt rekne med ei behandlingstid på tre veker etter innsending av fullstendig søknad.

LES MEIR: Last ned standardvilkår for støtte til drivstoffanlegg 2017 (PDF)

SØK HER: Her loggar du deg inn for å fylle ut søknadsskjema

Tips:
Registrer deg som ny søkjar i feltet til venstre, eller logg inn dersom du er registrert som søkjar frå før.
Ved første gangs registrering skal du bruke feltet «Registrer organisasjon».
Dersom du skriv Merkur i søkefeltet for støtteordningar oppe til høgre, så får du opp oversikt over støtteordningane.
 

TRENG DU HJELP TIL Å FYLLE UT SØKNADSSKJEMAET?

Nettstaden Regionalforvaltning har omfattande brukarstøtte der du kan få svar på alle spørsmål:

Slik registrerer du butikken som brukar av søknadssystemet
Slik opprettar du ein søknad til Merkur

Det er også laga fire korte videoar som viser korleis du skal gå fram for å registrere deg som søkjar, fylle ut søknadsskjema og be om utbetaling:

Video for opplæring av søkjarar

Er det noko du lurer på? Ta kontakt med din lokale Merkur-konsulent!