Utviklar bokhandlar i distrikta

Ingrid Fauske Finnsnes.jpg

LOKAL LITTERATUR: - Dei lokale bøkene er svært viktig når du skal drive bokhandel i distrikta, seier dagleg leiar Ingrid Fauske ved Finnsnes Bok og Papir.

Merkur Bok er eit kompetanseprogram for bokhandlar i distriktet. Programmet er eit tilbod om kompetansebygging og nettverksarbeid for å styrke grunnlaget for lønnsam drift. 

Målet med programmet er at deltakarane skal oppnå ei positiv utvikling, både knytt til betre lønsemd, fleire tilleggsoppgåver og større lojalitet frå innbyggarane. Det overordna målet for programmet er å sikre at folk i distriktet framleis skal ha tilgang på eit breitt utval med bøker.

Frå og med 2017 kan bokhandlar søkje om tilskot til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell møteplass for lokalsamfunnet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet står bak og finansierer programmet. Bokhandlerforeningen har deltatt i utforming av innhaldet i programmet, i samarbeid med Merkur-programmet. 

Sviktande omsetnad

Merkur Bok vart etablert i 2008 etter at mange små bokhandlar fekk ein markert reduksjon i omsetnaden på grunn av nye reglar for sal av skulebøker. Bokhandlerforeningen bad Kommunal- og regionaldepartementet om at Merkur-programmet vart utvida til også å omfatte bokhandelen i distrikta. Resultatet vart etableringa av Merkur Bok.

EKSEMPEL BOKHANDEL: Her er gode eksempel på bokhandlar som er opptatt av utvikling

I dag er største utfordringane for små bokhandlar knytt til digitalisering av bøker og mogleg avvikling av fastpris-ordning og overgang til frie bokprisar.

Kven kan delta ?

Merkur Bok er eit tilbod som er retta mot bokhandlar i distriktskommunar, som er motiverte til å betre eiga drift. Alle bokhandlar som er medlem av Bokhandlerforeningen, kan delta i programmet. Merkur Bok dekkjer det meste av kostnadene knytt til gjennomføring av eit hovudprogram.

Interesserte bokhandlarar kan ta kontakt med Merkurs hovudkontor eller ein av Merkur sine konsulentar.