Utviklingsstøtte til bokhandlar

Bokhandlar som deltek i Merkur-programmet, kan frå og med 2017 få inntil 50.000 kr i økonomisk støtte til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell møteplass.

Målsettinga men den nye støtteordninga er å styrke og utvikle drifta og generere tilleggsinntekter for bokhandlar i område med små marknader. Utviklingsstøtta skal brukast til tiltak for å styrke og utvikle drifta av butikken, mellom anna til tilrettelegging for tilleggsfunksjonar knytt til utvikling av bokhandelen som ein sosial og kulturell arena for lokalsamfunnet.

Ordninga skal hjelpe bokhandlarar som ønskjer å leggje til rette for forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen.

Merkur gjennomførte i 2014-15 utviklingsprosjektet «Bokhandelen som sosial og kulturell arena». Dette prosjektet viste at det er mogleg å få til vekst og utvikling i små bokhandlar med relativt små investeringar. Erfaringane frå dette prosjektet viser at slik satsing kan generere tilleggsinntekter og styrke bokhandelen sin posisjon som kulturinstitusjon.

Utviklingsstøtta skal vere til tiltak ut over vanleg drift og marknadsføring. Støtta kan omfatte mindre investeringar som flyttbare reolar, stolar, projektor og mindre bygningsmessige tiltak for å gjere bokhandelen betre eigna som møteplass og arena for kulturelle opplevingar. Kostnader til marknadsføring og gjennomføring av arrangement kan også kome inn under støtteordninga.

Støtteordninga gjelde for små bokhandlar i distriktsområde. Bokhandelen må vere einaste bokhandel i sin tettstad eller sitt handelsområde og ha mindre enn 7 mill. kr i total omsetning.

Mange distriktsbokhandlarar står i dag ovanfor store utfordringar knytt til omstilling, mellom anna fordi mange av distriktsbokhandlarane mista skuleboksalet for nokre år sidan. Netthandel og auka sal av bøker i daglegvarebutikkar gjer at bokhandlane strevar med å halde oppe omsetnaden.

Utviklingstøtte skal gjere det lettare for bokhandlane å gjennomføre omstilling og få til ei utvikling der bokhandelen i endå større grad blir ein sosial og kulturell møteplass.

For 2017 er det sett av til saman 28 millionar kr til ulike støtteordningar for distriktsbutikkar. 500.000 kr av dette skal kunne disponerast som utviklingsstøtte til bokhandel.

NB: Fristen for å søkje om støtte for 2017 er 1.oktober. Prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla.

Søknadsskjema ligg på nettstaden www.regionalforvaltning.no.

LES MEIR: Last ned standardvilkår for utviklingsstøtte til bokhandlar (PDF)

SØK HER: Her loggar du deg inn for å fylle ut søknadsskjema

Tips:
Registrer deg som ny søkjar i feltet til venstre, eller logg inn dersom du er registrert som søkjar frå før. Ved første gangs registrering skal du bruke feltet «Registrer organisasjon». 
 

TRENG DU HJELP TIL Å FYLLE UT SØKNADSSKJEMAET?

Nettstaden Regionalforvaltning har omfattande brukarstøtte der du kan få svar på alle spørsmål:

Slik registrerer du butikken som brukar av søknadssystemet
Slik opprettar du ein søknad til Merkur

Det er også laga fire korte videoar som viser korleis du skal gå fram for å registrere deg som søkjar, fylle ut søknadsskjema og be om utbetaling:

Video for opplæring av søkjarar

Er det noko du lurer på? Ta kontakt med din lokale Merkur-konsulent!