Landskonferanse 2022

Merkur inviterer kjøpmenn frå heile landet til landskonferanse i Trondheim. Sett av 19.-20.oktober og bli med på to dagar med inspirasjon, fagleg kunnskap og nettverksbygging på Scandic Nidelven midt i Trondheim.
Det vil ikkje bli gjennomført ordinære regionale konferansar i 2022. Men Merkur-konsulentane vil legge opp til regionale samlingar dagen før landskonferansen. Det betyr at det også er aktuelt å setje av tysdag 18.oktober som konferanse-dag.
Program
Programmet for konferansen er under arbeid. Det blir lagt opp til både plenumsamlingar og parallelle sesjonar, der du kan velje kva for tema du vil vite meir om. Hovudprogrammet vil starte om formiddagen onsdag 19.oktober og vil bli avslutta om ettermiddagen torsdag 20.oktober.
Konferansehotellet, Scandic Nidelven, ligg fantastisk plassert midt i sentrum av Trondheim, 17 meter ut i vakre Nidelven. Hotellet har vunne pris for Norges beste hotellfrukost 13 gongar – seinast i 2019.
Deltakarar som har ekstra lang og dyr reise til Trondheim, vil kunne få reisestøtte for å delta på landskonferansen.
Nærmare detaljar om program, prisar og påmelding kjem.