Merkur-programmet  ›  Arrangement  ›  Framtidas lokalsamfunn – Merkurs landskonferanse 2022

Framtidas lokalsamfunn – Merkurs landskonferanse 2022

Ikon som indikerer stad
19. okt 11:30 – 20. okt 15:00
Ikon som indikerer dato
Scandic Nidelven, Trondheim

19. – 20. oktober inviterer Distriktssenteret kjøpmenn, bokhandlere og kommuner til Framtidas lokalsamfunn – Merkurs landskonferanse. To dagar med inspirasjon, fagleg kunnskap og nettverksbygging! Meld deg på i dag!

Voksen og barn på butikk. Foto.
Foto: David Zadig.

Tema for konferansen er: Saman skapar vi framtidas lokalsamfunn! Vi skal sjå framover, lære og fokusere på konkret handling. Det blir veksling mellom innlegg i plenum, parallelle sesjonar, arbeidsverkstader og naturlegvis tid til å prate og treffe andre.

Vårt mål er at konferansen skal gi både fagleg, personleg og relasjonelt påfyll, og være eit godt pusterom i kvardagen! Vi har eit stjernespekka program, der du er ei av stjernene!

Målgruppe for konferansen er kjøpmenn og bokhandlarar i Merkur-programmet, kommunar, fylkeskommunar og andre i virkemiddelapparatet, og alle som er interesserte i nærbutikken si rolle i lokal samfunnsutvikling.

Bli med!
To dagar med inspirasjon, fagleg kunnskap og nettverksbygging!

Du får mellom anna møte

Framtidas lokalsamfunn – Merkurs landskonferanse 2022
Øyvind Brandtzæg
Konfransier

Skodespelar og regissør Øyvind Brandtzæg leier oss gjennom konferansen. Øyvind har spelt ei rekke rollar ved Trøndelag Teater, og er også kjent som politimannen Eivind i NRK-serien «22. juli»

Framtidas lokalsamfunn – Merkurs landskonferanse 2022
Sigbjørn Gjelsvik
Kommunal- og distriktsminister

Kommunal- og distriktsminster Sigbjørn Gjelsvik kjem for halde opningsinnlegget på konferansen.

Framtidas lokalsamfunn – Merkurs landskonferanse 2022
Anne Cecilie Kaltenborn
Administrerande direktør i NHO Service og Handel

Anne Cecilie Kaltenborn frå NHO Service og Handel kjem for å snakke om butikken si rolle i ei stadig meir gloabalisert verd.

Framtidas lokalsamfunn – Merkurs landskonferanse 2022
Marit Mellingen
Direktør i Distriktssenteret

Distriktssenterets direktør Marit Mellingen kjem for å ønskje alle velkommen til konferanse.

Dette kostar det å delta
  • For kjøpmenn/bokhandlarar i Merkur-programmet, som har sitt hovudvirke i butikken, er konferanseavgifta kr 2000,-. Inntil to deltakarar pr butikk.
  • For andre deltakarar er konferanseavgifta kr 4100,-
  • Eventuell ekstra overnatting frå 18. til 19. oktober kr 1390,-

Prisen inkluderer overnatting i enkeltrom frå 19. til 20. oktober, alle måltid og konferansepakke. Distriktssenteret bestiller alle overnattingar på vegne av deltakarane. Dersom du ønsker å dele dobbeltrom, skriv inn navnet på den du vil dele rom med i feltet «Andre behov» i påmeldingsskjema. Begge deltakere må melde seg på.

Deltakarar som ønskjer ei ekstra overnatting frå 18. til 19. oktober må sjølv betale for denne: 1390.- for enkeltrom.

Du betalar konferanseavgift og eventuell ekstra overnatting til hotellet ved innsjekk.

For dei som ønskjer å delta på konferansen utan overnatting, sender Distriktssenteret faktura på deltakaravgift førehand. 2000,- for kjøpmenn/bokhandlarar i Merkur-programmet, 2900,- for andre deltakarar.

Reisestøtte for kjøpmenn og bokhandlarar

Vi ønskjer at så mange kjøpmenn og bokhandlarar som råd skal delta. Difor dekkjer vi deler av reiseutgiftene for inntil 2 deltakarar pr butikk. Kjøpmenn og bokhandlarar i Merkur-programmet betalar kun ein eigenandel på kr 1500,- for reise.

Deltakaren må sjølv legge ut for billett. Deretter sender du faktura på differansen mellom billettpris og eigenandel til Distriktssenteret. Kvittering for kjøp av billett må ligge ved faktura.

Deltakarar må velje rimelegaste tilgjengelege reisealternativ. Deltakarar som skal ta fly må kjøpe billegaste tilgjengelege billett innan 1. september, inntil 1 innsjekka bagasje (fleksible billettar blir ikkje refundert).

Fakturaadresse: EHF til org.nr. 992375434.
Merk med referanse 3200HIFJ

Kontakt oss!

Har du spørsmål om konferansen? Ta gjerne kontakt, så skal vi svare deg så godt vi kan!

Påmelding