Slik arbeider Merkur Bok

Besøk hos Norli Bryne.jpg

BUTIKKBESØK: Bokhandlararar frå Sørvestlandet på besøk hos Margrethe Orre ved Norli Bryne, under ei regionsamling i Merkur Bok.

Kompetanseprogram, besøksordning, omstillingordning og nettverksarbeid. Dette er dei viktigate verktøya i Merkur Bok. 

Merkur har utvikla eit prosess-orientert hovudprogram for bokhandlarar med fem samlingar, kvar på to dagar, leia av ein Merkur-konsulent. Samlingane blir lagt opp praktisk, med grupper på 10 deltakarar. Tema for samlingane har vore økonomi, kundebehandling/sal, butikkdrift, kontakt med lokalsamfunn, tilleggsoppgåver mm. Utveksling av erfaringar og bokhandel-besøk er viktige delar av programmet.

Mellom kvar samling har deltakarane fått besøk av Merkur-konsulenten som har gått gjennom drifta til bokhandelen. Det har også blitt gjennomført kunde-undersøkingar. Sentralt i programmet står arbeid med ein konkret handlingsplan for kvar bokhandel. 70 bokhandlarar over heile Norge har så langt deltatt i hovudprogrammet for Merkur Bok.

Det har også blitt etablert ei besøksordning der bokhandelen får besøk av Merkur-konsulent. Vidare er det etablert ei omstillingsordning når det er behov for meir omfattande hjelp. Endeleg har det det gjennom Merkur-programmet blitt arrangert fleire konferansar slik at bokhandlarane får byggje opp nettverk, utveksle erfaringar og bli fagleg oppdaterte.

Kva vil Merkur Bok tilby vidare?

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Bokhandlerforeningen og Merkur-programmet gjekk i 2013 gjennom verkemidla i Merkur Bok og drøfta korleis satsinga på distriktsbokhandlarar skal vidareførast. Dette er dagens tilbod:

  1. Hovudprogram:
    Dette er eit tilbod til nye bokhandlarar som ikkje har deltatt i hovudprogrammet så langt. Etter behov vil det bli etablert ei nasjonal gruppe med bokhandlarar, som går gjennom hovudprogrammet.
  2. Besøksordning:
    Merkur-konsulentane skal besøkje aktuelle bokhandlarar minst ein gong for året og elles vere tilgjengelege for råd og hjelp. Konsulentane skal bruke ei sjekkliste for systematisk gjennomgang av ulike sider ved drifta.
  3. Omstillingsordning:
    Merkur-konsulentane kan etter avtale ta på seg meir kompliserte oppdrag for einskilde bokhandlarar, evt. grupper av butikkar. Oppdraga kan vere knytt til eigarskifte, utbygging, nyetablering, offentlege innkjøp eller liknande. Bokhandlarane kan også trekkje inn ekstern kompetanse, i tillegg til Merkur-konsulenten.
  4. Nasjonale eller regionale konferansar:
    Merkur Bok vil etter ønskje frå bokhandlarane halde fram med å arrangere nasjonale eller regionale samlingar. Nasjonale konferansar vil bli kombinert med større arrangement som bransjen legg opp til. Regionale samlingar vil bli arrangert i eigen regi eller knytt opp til eksterne arrangement.
  5. Prosjekt-arbeid:
    Merkur-konsulentane kan etter godkjenning i programstyret gjennomføre spesielle prosjekt knytt til grupper av bokhandlarar.

Frå og med 2017 kan bokhandlar også søkje om tilskot til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell møteplass for lokalsamfunnet.

Vil du vere med i Merkur Bok? Ta kontakt med din nærmaste Merkur-konsulent eller administrasjonen for Merkur-programmet. Aktuelle bokhandlar kan også bli kontakta av konsulentar som har fått i oppdrag å gjennomføre lokale prosjekt.