Slik arbeider Merkur-programmet

Eldbjørg Danielsen_Ytrøy_Ronny Mowatt.jpg

BUTIKKBESØK: Merkur-konsulent Ronny Mowatt i samtale med Eldbjørg Danielsen som driv Lambrechts Eftf. sin filial på Ytrøy i Solund.

Kompetansehevande tiltak, servicefunksjonar, den multifunksjonelle butikken, lokalt engasjement og måloppnåing. Dette er viktige stikkord for Merkur-programmet. 

Gjennom det såkalla hovudprogrammet det utvikla eit opplegg for å arbeide med tilleggsfunksjonar og lokalt samfunnsengasjement.  

Kompetanseheving

Det butikkfaglege opplegget er utarbeidd av BI/Norges Varehandelshøyskole og revidert fleire gonger av erfarne Merkur-konsulentar. Siste revisjon skjedde i 2012, då lokalsamfunns-perspektivet fekk endå sterkare plass.

Den butikkfaglege delen er delt i to.  Første del av programmet består i utarbeiding av ein situasjonsanalyse for daglegvarebutikken. Andre del av programmet er den mest omfattande. Her ser ein på korleis butikken kan få betre lønsemd, få tilført tilleggstenester og utvikle seg i forhold til lokalsamfunnet. Hovudprogrammet består både av seminarsamlingar og oppfølging/besøk av konsulent i mellomperiodane.

Dei viktigaste temaene som blir gjennomgått på dei fem samlingane, er marknad/ lokal marknadsføring, service og kundebehandling, økonomi, butikkleiing, butikkens forhold til bygda og butikkens framtid. 

Desse tema er viktige også med tanke på å kunne utføre andre funksjonar enn det å selje daglegvarer. Til dei fleste av desse tema samarbeider konsulentane med kjedene og kjedekonsulentane. Det same gjeld arbeid med fysiske forandringar i butikkane og spesielle aktivitetsdagar.

Butikkar som har gått gjennom eit hovudprogram, blir følgt opp av konsulentane. Butikkar og kommunar skal besøkjast minst ein gong for året. I tillegg kjem tilbod om regionale samlingar og arbeid med omstillings-prosjekt knytt til den einskilde butikk. 

God måloppnåing

Merkur-programmet har blitt evaluert av forskarar fleire gonger . Den siste evalueringa (Møreforsking) som vart publisert i 2014, dokumenterer at butikkar som deltar i Merkur-programmet, har betre omsetningsutvikling enn andre distriktsbutikkar. Dei butikkane som får investeringsstøtte, har betre omsetningsutvikling enn andre Merkur-butikkar. Dette tyder på at både kompetanseprogrammet og støtteordningane fungerer slik dei skal.

Kjøpmennene gir uttrykk for at dei har hatt god nytte av å delta i Merkur. Dette er særleg knytt til erfaringsutveksling og kollegialt og sosialt fellesskap, men også utbyttet på dei reint butikkfaglege områda er store. Evalueringa av programmet viser også at det samla talet på tilleggsfunksjonar har auka etter gjennomført program.

Ein sideeffekt som har komme av programmet, er at det mange stader har vore lettare å rekruttere nye eigarar til butikkar som har vore truga av nedlegging. Det same gjeld oppstart av nye butikkar der butikken har vore nedlagt ei tid.

Merkur har også vore eit godt tilbod der butikkane har stått framom eigarskifte/ generasjonsskifte, utan at nedlegging har vore eit direkte trugsmål. Fleire stader har konsulentane arbeidd aktivt saman med bygdefolk som har engasjert seg og slik sikra vidare drift gjennom ulike former for eigarskap. Merkur har medverka til at mange butikkar og med det mange lokalsamfunn er blitt vitaliserte gjennom deltaking i programmet.

For min butikk har eg to tidsrekningar; - før og etter Merkur-programmet
— Butikkinnehavar

Last ned produktark: Merkur hovudprogram