200 nærbutikkar og bokhandlar har så langt brukt påmeldingsskjemaet på nettsida til Merkur-programmet og bestilt plakatar og anna materiell til Handle lokalt-dagen laurdag 14.oktober.
Alle butikkar får plakat. Nærbutikkane får klistremerke, medan bokhandlarane får bokmerke. I tillegg kan du laste ned digitalt materiell for utskrift, bruk i sosiale medium eller til bruk i annonser.
Det er opp til butikken å bestemme korleis og når kampanjen skal gjennomførast. Den vanlegaste aktiviteten er at butikken og bygda går saman om ein dag med aktivitetar i og rundt butikken. Det kan vere underhaldning, konkurransar og servering. Mange samarbeider med frivillige organisasjonar om få det til.
Fleire butikkar inviterer lokalavisa til å dekkje aktiviteten. I år kan det også vere lurt å invitere den nyvalde ordføraren til eit butikkbesøk, for å bli kjent med den rolla butikken spelar som lokalt servicesenter.
LES MEIR: Handle lokalt-dagen 2023