Dersom butikken leverte søknad om straumstøtte for 2022 og la ved energikartlegging, treng du ikkje levere kartlegging på nytt.
Butikken kan sjølv gjennomføre kartlegginga. I den skal du oppgi energibruk og anslått fordeling av denne i eit normalt driftsår, og setje opp ei tiltaksliste for redusert energibruk. Du kan ta med tiltak som er gjort dei siste 5 åra.
Distriktssenteret har laga eit enkelt kartleggingsskjema i excel-format. Ved å fylle ut dette sikrar du at kartlegginga di tilfredsstiller krava.
Har butikken nyleg gjennomført ei energikartlegging som tilfredsstiller krava i forskrifta, kan denne leggjast ved søknaden om straumstøtte i staden for det enkle kartleggingsskjemaet.
Slik fyller du ut det enkle kartleggingsskjemaet
Last ned og opne excel-skjemaet.
I skjemaet skal du berre skrive i dei grøne cellene. Når du er ferdig, lagrar du det på eigen pc og lastar det opp som vedlegg når du sender inn søknadsskjema i Regionalforvaltning(RF).
Regelverket for straumstøtte gjennom Merkur-programmet er no klart.
Søknadsskjema i RF er også publisert.
Dette treng du:
- Tal frå fakturaer for straum og evt. andre energikjelder for eit normalår. Eit normalår kan vere 2021, men kan også vere lengre tilbake i tid, t.d. 2019 om pandemien hadde stor innverknad.
- Eit anslag på korleis energibruken fordeler seg på t.d. oppvarming/kjøling av lokale, kjøl/fys, lys og anna forbruk.
- Eit anslag på kor mykje du kan spare på ulike tiltak.
Du treng ikkje sende inn dokumentasjon på tala i kartlegginga.