Vilkåret for å få straumstøtte gjennom Merkur-programmet er at gjennomsnittprisen på straum har vore over 70 øre per Kwh for ein eller fleire av haustmånadene.
Butikkar som vil søkje om straumstøtte, må først gjennomføre ei enkel kartlegging av energibruken, med oversyn over forbruk og kostnader. Butikken skal oppgi tre aktuelle tiltak for redusert energibruk. Dei som leverte kartlegging då dei søkte om straumstøtte for 2022 treng ikkje å levere denne på nytt.
Skjema og rettleiing for energikartlegging ligg på Merkurs nettside.
Straumstøtta kjem i tillegg til andre støtteordningar i Merkur-programmet. Det er ikkje krav om 10 km avstand til neste butikk, slik som i regelverket for investeringsstøtte, men butikken må delta i Merkurs kompetanseprogram
Søknadskjema for straumstøtte er lagt ut på portalen regionalforvaltning.no.
Butikkar som får straumstøtte gjennom Merkur-ordninga, vil ikkje vere omfatta av energitilskotsordninga gjennom Enova for same periode. Straumstøtte gjennom Merkur kan heller ikkje kombinerast med anna offentleg straumstøtte, til dømes kommunal støtte, for same periode.
Stortinget har sett av 6 millionar kroner til straumstøtte til Merkur-butikkar for perioden juli-oktober 2023.