Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  20.mars er siste frist for straumstøtte
Bilde for 20.mars er siste frist for straumstøtte
DYR STRAUM?: Alle Merkur-butikkar som hadde dyr straum dei siste månadene i fjor, kan søkje om straumstøtte.

20.mars er siste frist for straumstøtte

28. februar 2023

Har du søkt om straumstøtte for dei fire siste månadene i 2022? 20.mars er siste frist for å sende inn søknad om å få støtte gjennom Merkur-programmet til dette formålet.

Mellom 230 og 250 Merkur-butikkar har fått tilsegn om straumstøtte for perioden september-desember 2022.

Pr. 20.februar har Distriktssenteret innvilga 382 søknader og fordelt 8,6 mill. kroner i straumstøtte.

For heile Norge

Regelverket for straumstøtte opnar for at butikkar frå heile Norge kan søkje om støtte, dersom straumkostnaden ligg over 70 øre per kilowattime. Då Distriktssenteret starta arbeidet med å planlegge ei ordning med straumstøtte, var ekstraordinært høge straumutgifter eit stort problem for butikkar på Vestlandet, Sørlandet og Østlandet. Midt-Norge og Nord-Norge hadde låge straumprisar.

Fleire butikkar frå Midt-Norge og Nord-Norge har fått straumstøtte for desember, då straumprisen var høg også i desse landsdelane.

Støtte frå fleire

Regelverket for straumstøtte seier at du ikkje kan få støtte frå kommunen eller Enova samtidig som butikken får støtte frå Merkur. Men det er mogleg å kombinere støtte frå ulike kjelder i ulike periodar. Butikken kan til dømes få kommunal støtte for juni-august og Merkur-støtte for september-desember.

Forskrifta for straumstøtte gjennom Merkur seier at eit konsern ikkje kan få meir enn 10 mill.kr i straumstøtte. Denne regelen har ikkje vore til hinder for at Coop-butikkar kan søkje om straumstøtte på lik linje med privateigde butikkar.

Ledige midlar

Merkur-programmet fekk ei ramme på 23 mill. kr til straumstøtte for utsette nærbutikkar. Etterspørselen etter støttemidlar har vore mindre enn det Kommunal- og distriktsdepartementet la til grunn, blant anna på grunn av lågare prisar utover hausten, samanlikna med rekordprisane i august/september.

Distriktssenteret og styret for Merkur-programmet har ein tett dialog med Kommunal- og distriktsdepartementet om ei større satsing på enøktiltak og eventuell vidareføring av ordninga med straumstøtte for 2023. Så langt er ingenting avklart.

Vil du søkje om straumstøtte?
Innvilga søknader om straumstøtte pr. fylke

Troms/Finnmark              4

Nordland                           3

Trøndelag                          5

Møre og Romsdal            9

Vestland                           119

Rogaland                           94

Agder                                  45

Vestfold/Telemark          23

Viken                                  15

Innlandet                           50