Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  105 nærbutikkar har søkt om straumstøtte
Bilde for 105 nærbutikkar har søkt om straumstøtte
RASK BEHANDLING: Rådgivar Preben Woll Bostad har så langt fått behandla over halvparten av søknadene om straumstøtte.

105 nærbutikkar har søkt om straumstøtte

19. desember 2022

Merkur-programmet har fått eit rush av søknader om straumstøtte. Ei veke etter at støtteordninga vart lansert, hadde det kome inn 105 søknader. 59 søknader er ferdig behandla og har fått tilsegn om støtte.

Distriktssenteret legg opp til at dei første søkjarane skal få pengar utbetalt på konto i løpet av denne veka.

Det er utarbeidd eit forholdsvis enkelt søknadsskjema for straumstøtteordninga. Distriktssenteret har sett av ekstra ressursar for å få ei raskast mogleg behandling av søknadene om støtte til butikkar med ekstraordinært høge straumkostnader.

Fleire av søknadene er likevel litt mangelfulle, spesielt når det gjeld utrekning av snittpris på straum. Faktura frå straumselskap kan også vere litt komplisert å forstå.

Unngå retur

– Det går framover med god fart. Folk er generelt flinke til å legge ved vedlegg med faktisk forbruk og snittpris i  faktura, seier rådgivar Preben Woll Bostad som har fått hovudansvar for saksbehandlinga.

Distriktssenteret oppfordrar søkjarane om å vere nøye med å utfylle søknaden korrekt, slik at du unngår å få søknaden i retur.

Tilskota varierer

Storleiken på tilskotet varierer frå butikk til butikk, avhengig av straumforbruk og prisnivå. Dei fleste butikkane som har fått tilsegn for perioden september-november, har kome ut med eit tilskot på 20-40.000 kr. Nokre butikkar har fått betydeleg større tilskot. Ein butikk har fått tilsegn om heile 103.000 kr.

Nokre kjøpmenn har fått straumstøtte frå kommunen eller vurderer å søkje om støtte frå Enova. Regelverket for Merkurs straumstøtte-ordning er tydeleg på at du ikkje kan få støtte frå fleire offentlege instansar på same tid. Men det kan vere mogleg å søkje om Merkur-støtte for oktober/november, sjølv om du har fått kommunal støtte for august/september. I så fall må det gå fram av støtta frå kommunen at tilskotet gjeld for ein annan periode enn det blir søkt om støtte frå Merkur.