Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Søk om straumstøtte frå Merkur
Bilde for Søk om straumstøtte frå Merkur
KRISESTØTTE: Merkur-butikkar med store straumrekningar kan no søkje om straumstøtte

Søk om straumstøtte frå Merkur

12. desember 2022

No kan du søkje om straumstøtte til nærbutikken. Alle registrerte Merkur-butikkar med ekstraordinært høge straumkostnader i september, oktober, november eller desember, kan søkje om støtte.

Vilkåret for å få straumstøtte gjennom Merkur-programmet er at gjennomsnittprisen på straum har vore over 70 øre per Kwh for ein eller fleire av haustmånadene.

Butikkar som vil søkje om straumstøtte, må først gjennomføre ei enkel kartlegging av energibruken, med oversyn over forbruk og kostnader. Butikken skal oppgi tre aktuelle tiltak for redusert energibruk.

Skjema og rettleiing for energikartlegging ligg på Merkurs nettside.

Straumstøtta kjem i tillegg til andre støtteordningar i Merkur-programmet. Det er ikkje krav om 10 km avstand til neste butikk, slik som i regelverket for investeringsstøtte, men butikken må delta i Merkurs kompetanseprogram

Søknadskjema for straumstøtte er lagt ut på portalen regionalforvaltning.no.

Butikkar som får straumstøtte gjennom Merkur-ordninga, vil ikkje vere omfatta av energitilskotsordninga gjennom Enova for same periode. Straumstøtte gjennom Merkur kan heller ikkje kombinerast med anna offentleg straumstøtte, til dømes kommunal støtte, for same periode.

Stortinget har sett av 23 millionar kroner til straumstøtte til Merkur-butikkar for perioden september-desember 2022.