Alle registrerte Merkur-butikkar med ekstraordinært høge straumkostnader vil kunne få straumstøtte. Det er ikkje krav om 10 km avstand til neste butikk, slik som i regelverket for investeringsstøtte.
Dette går fram av forskrift om ekstra Merkur-tilskot på grunn av høge straumprisar som no er fastsett av Kommunal- og distriktsdepartementet.
Regelverket for straumstøtte inneber at butikkane får kompensasjon for sine straumkostnader (eks nettleige), når prisen er over 70 øre per kWh. Butikkane kan berre få dekka straumutgifter i perioden september til desember 2022. Butikkane vil kunne få dekka 80 prosent av kostnadane over 70 øre per kWh.
Kartlegg energibruk
Butikkar som vil søkje om straumstøtte, må først gjennomføre ei enkel kartlegging av energibruken, med oversyn over forbruk og kostnader. Butikken skal oppgi tre aktuelle tiltak for redusert energibruk. Skjema og rettleiing for energikartlegging ligg på Merkurs nettside.
Søknadsskjema for straumstøtte er publisert i regionalforvaltning.no.
Ikkje dobbel støtte
Straumstøtta kjem i tillegg til andre støtteordningar i Merkur-programmet. Butikkar som får straumstøtte gjennom Merkur-ordninga, vil ikkje vere omfatta av energitilskotsordninga gjennom Enova for same periode. Straumstøtte gjennom Merkur kan heller ikkje kombinerast med anna offentleg straumstøtte, til dømes kommunal støtte, for same periode.
Stortinget har sett av 23 millionar kroner til straumstøtte til Merkur-butikkar for perioden september-desember 2022.