Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Kartlegg energibruken før du søkjer om straumstøtte
Kjølevarer i kjøledisk/kjøleskap i butikk. Foto.
SPAR ENERGI: Kartlegg energibruken i butikken og sjå kvar du kan spare energi. Det er eit krav for å kunne søkje om straumstøtte.

Kartlegg energibruken før du søkjer om straumstøtte

6. desember 2022

For å få straumstøtte gjennom Merkur-programmet, må butikken gjennomføre ei enkel energikartlegging. Denne må liggje ved søknaden. Det er lurt å gjere kartlegginga klar før du startar på søknad om straumstøtte.

Butikken kan sjølv gjennomføre kartlegginga. I den skal du oppgi energibruk og anslått fordeling av denne i eit normalt driftsår, og setje opp ei tiltaksliste for redusert energibruk. Du kan ta med tiltak som er gjort dei siste 5 åra.

Distriktssenteret har laga eit enkelt kartleggingsskjema i excel-format. Ved å fylle ut dette sikrar du at kartlegginga di tilfredsstiller krava.

Har butikken nyleg gjennomført ei energikartlegging som tilfredsstiller krava i forskrifta, kan denne leggjast ved søknaden om straumstøtte i staden for det enkle kartleggingsskjemaet.

Slik fyller du ut det enkle kartleggingsskjemaet

Last ned og opne excel-skjemaet.

I skjemaet skal du berre skrive i dei grøne cellene. Når du er ferdig, lagrar du det på eigen pc og lastar det opp som vedlegg når du sender inn søknadsskjema i Regionalforvaltning(RF).

Regelverket for straumstøtte gjennom Merkur-programmet er no klart.

Søknadsskjema i RF er også publisert.

Dette treng du:

  • Tal frå fakturaer for straum og evt. andre energikjelder for eit normalår. Eit normalår kan vere 2021, men kan også vere lengre tilbake i tid, t.d. 2019 om pandemien hadde stor innverknad.
  • Eit anslag på korleis energibruken fordeler seg på t.d. oppvarming/kjøling av lokale, kjøl/fys, lys og anna forbruk.
  • Eit anslag på kor mykje du kan spare på ulike tiltak.

Du treng ikkje sende inn dokumentasjon på tala i kartlegginga.

Skjermdump frå elkartleggingsskjema

  • Fyll ut namnet på butikken og organisasjonsnummer
  • Fyll ut årleg energibruk i kWh og kostnaden i eit normalår
  • Brukar butikken andre energikjelder enn straum, spesifiserer du det under «Annet». Dette kan t.d. vere flis, fjernvarme eller gass. Reknearket har ei eiga fane med ein omrekningstabell, slik at du kan rekne om forbruket for andre energiberarar til kWh.

Skjermdump frå elkartleggingsskjema

Du må anslå korleis energibruken er fordelt. Det er godt nok med di eiga vurdering, og du treng ikkje hente inn ekstra dokumentasjon til dette punktet.

  • Fyll ut kva energikjelde som blir brukt til kvart punkt.
  • Fyll ut anslått forbruk i kWh for kvart punkt (ditt anslag er godt nok).
  • Energiprisen hentar du frå kolonna lengst til høgre i trinn 1.

Skjermdump frå elkartleggingsskjema

Du må setje opp minst tre tiltak som kan redusere energibruken. Det er godt nok med di eiga vurdering av kor mykje butikken kan redusere energibruken. Det er ikkje krav til å gjennomføre tiltaka for å få straumstøtte. Du kan også føre opp tiltak som er gjennomført dei siste 5 åra.

  • Gje tiltaket eit forklarande namn.
  • Skriv ei kort skildring av kva tiltaket går ut på.
  • Fyll ut anslått innsparing i kWh for kvart tiltak (ditt anslag er godt nok).
  • Energiprisen hentar du frå kolonna lengst til høgre i trinn 1.

Pass på at du lagrar skjemaet slik at du finn det att når du skal sende inn søknad om straumstøtte. Søknadar utan energikartlegging vil bli returnert.

Kvifor må eg lage energikartlegging?

Energikartlegginga er meint å auke merksemda om enøktiltak og moglege innsparingar.

Forskrifta om ekstra Merkur-tilskot på grunn av høge straumprisar stiller krav til at søkjaren har gjennomført ei energikartlegging av kvar enkelt Merkur-butikk. Kartlegginga skal innehalde:

  • Energiberarar/energikjelder med forbruk og kostnad
  • Energibruk fordelt på dei viktigaste hovudpostane
  • Minimum tre tiltak for å redusere energibruken.