Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Regelverk for straumstøtte sendt ut på høyring
Bilde for Regelverk for straumstøtte sendt ut på høyring
GLEDE: Toril Sandby ved Joker Blaker og kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik er glad for at det er semje på Stortinget om straumstøtte til distriktsbutikkar. Foto: Roger Ødegård/Indre Akershus Blad

Regelverk for straumstøtte sendt ut på høyring

18. november 2022

Det er semje på Stortinget om å løyve 23 millionar kroner til ei mellombels, rammestyrt straumstøtte for å hjelpe små distriktsbutikkar som slit med høge straumprisar. No blir forslag til regelverk for ordninga sendt ut på høyring. Målet er å få pengane ut til butikkane før jul.

– Mange små daglegvarebutikkar i distrikta har opplevd ei formidabel auke i straumrekningane denne hausten. Det er ein reell fare for at fleire må legge ned drifta viss dei ikkje får hjelp.

Eg er difor glad for at det er semje i Stortinget om å løyve 23 millionar kroner til denne ordninga, og vi jobbar iherdig for at pengane skal nå ut til butikkane før jul, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Alle Merkur-butikkar

Den nye straumstøtteordninga, som no blir sendt på ei kort høyring, gjeld alle registrerte Merkur-butikkar, som over lengre tid har hatt høge straumprisar i 2022 (over 70 øre pr kwh).

Forslaget inneber at butikkane får kompensasjon for sine straumkostnader (eks nettleige), når prisen er over 70 øre per kWh. Butikkane kan berre få dekka straumutgifter i perioden september til desember 2022. Butikkane vil kunne få dekka 80% av kostnadane over 70 øre per kWh.

– Nærbutikken er viktig for mange små lokalsamfunn – og dette er tenester vi vil oppretthalde. Eg håpar denne straumstøtta kan verte til god hjelp for butikkar som treng ei handsrekning no. Det er derfor viktig at dei som har innspel til ordninga kjem med innspel raskt, seier Gjelsvik.

Rask høyring

Forslaget til straumstøtte-ordning er sendt ut på høyring til Merkur-styret, Merkur-konsulentane, Virke og nokre kommunar. Høyringsfristen er sett til 25.november. Alle som ønskjer det, kan uttale seg, sjølv om dei ikke er oppført på lista over høyringsinstansar

Merkur-programmet er eit viktig distriktspolitisk verkemiddel, retta inn mot daglegvarebutikkar i mindre lokalsamfunn. Butikkane i ordninga har ei viktig rolle i sine lokalsamfunn, ofte som einaste tenesteleverandør og sosial møtestad.

Tilskota skal bidra til at innbyggjarane i distrikta er sikra tilgang til ein daglegvarebutikk i nærleiken, også etter at straumprisane er normaliserte.

Slik er straumstøtte-forslaget
  • Alle registrerte Merkur-butikkar som er opne heile året og som har hatt høge straumutgifter i haust, kan få tilskot
  • Butikkane kan få tilskot på inntil 80 prosent av støtteberettiga straumkostnader, fråtrukke 70 øre pr. kWh av den støtteberettiga prisen
  • Butikkane kan søkje om støtte i tre omgangar, for september/oktober, for november og for desember
  • Det er eit krav at butikken har gjennomført eller gjennomfører ei energikartlegging
  • Butikkar som får støtte, kan ikkje utbetale utbytte i 2023