Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Lønnsamt webinar for bokhandlar
Person bak disken i bokhandel. Foto.
NORLI ODDA: Bokhandlar Anne Britt Straume er mellom del som deler erfaringar om meirsal.

Lønnsamt webinar for bokhandlar

7. november 2022

Korleis kan du få kunden til å handle litt meir, når han først har kome inn i bokhandelen? Kva utløyser impulskjøp? Dette er spørsmål som blir tatt opp på Merkurs nye webinar for distriktsbokhandlar, der du får møte den anerkjende psykologen Frank Vikan og to erfarne bokhandlar.

Torsdag 17.november kl 8.30-9.45 inviterer Merkur-programmet til eit nytt og lønnsamt webinar for deg som bokhandlar i Distrikts-Norge.

Denne gongen tek vi for oss tidsrommet frå kundane kjem til dei reiser ut att av butikken – glade fornøgde og vil gjerne koma att sjølv om dei har handla meir enn dei hadde tenkt.

Tema for dette webinaret er meirsal. Dette er tiltak du som bokhandlar kan sette fokus på og oppnå rask effekt av i denne tida vi no gjeng inn i – årets viktigaste salgsmånad.

Her er programmet for webinaret:

  • Kva økonomisk gevinst kan du oppnå med meirsal?
    Merkur-konsulent Hallvard Christenson gjev kort orientering om tema.
  • Kva utløyser impulskjøp?
    Ved betre å forstå kven kunden er og korleis kunden tenker spesielt i forhold til impulskjøp, vil du lettare få kunden til å kjøpe meir og koma att smilande.
    Den anerkjente psykologen Frank Vikan viser oss veg på innsida av kunden.
  • Gode eksempel til din inspirasjon.
    Du vil møte to bokhandlarar som har jobba aktivt med meirsalg og høyre kva erfaringar dei har gjort seg.

    • Anitha Bendiksen, Andøy Bok & Papirhandel
    • Anne Britt Straumsøy Brekke, Norli Odda
      Norli Odda blei årets Merkur-bokhandlar!

Webinaret er lagt opp slik at du kan delta på Teams via mobiltelefon eller pc. Det vil også vere høve til å stille spørsmål til innleiarane.

Når du sender inn påmelding, vil du få tilsendt ein link som du skal bruke for å kople deg på.

Velkommen til å delta på eit nytt Merkurwebinar spesielt for bokhandlerar !

PÅMELDING: Eg vil delta på webinar om meirsal