Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Fullt hus for Merkurs landskonferanse
Hotell ved elvebredd. Kveld. Foto.
TRONDHEIM: Scandic Nidelven er valt ut som konferansehotell. Foto: Øystein Hermstad

Fullt hus for Merkurs landskonferanse

23. august 2022

260 deltakarar har gitt melding om at dei vil delta på Merkur-programmets landskonferanse i Trondheim 19.-20.oktober 2022. Aldri tidlegare har så mange distriktskjøpmenn og distriktskommunar deltatt på Merkur-konferanse.

«Framtidas lokalsamfunn» er tema for konferansen som tilbyr to dagar på Scandic Nidelven i Trondheim, for inspirasjon, fagleg kunnskap og nettverksbygging.

Det blir veksling mellom innlegg i plenum, parallelle sesjonar, arbeidsverkstader og naturlegvis tid til å prate og treffe andre.

Interessen for å delta på denne konferansen er så stor at Distriktssenteret no har måtte seie sei til fleire påmeldingar. Hotellet er rett og slett fullt.

Målgruppe for konferansen er kjøpmenn og bokhandlarar i Merkur-programmet, kommunar, fylkeskommunar og andre som er interesserte i nærbutikken si rolle i lokal samfunnsutvikling.

Distriktssenteret som inviterer til konferansen, stiller med alle sine 27 tilsette, pluss 10 Merkur-konsulentar. Kommunal- og distriktsdepartementet og butikkjedene er også representert.

Deltakarane har kunne velje mellom 14 ulike tema på parallelle sesjonar på begge konferansedagane. Påmeldinga viser at det er aller størst interesse for å få meir kunnskap om lønnsame tilleggstenester og digital kundekontakt gjennom sosiale medium. Det er også stor interesse for kommunale innkjøp, digital nærbutikk, rolla som bygdevert, bygdeutvikling og turisme.

Vil du vite meir? Her kan programmet for landskonferansen