Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Søk om servicestøtte for 2022
Bilde for Søk om servicestøtte for 2022
UTKANT: Vandve Handel i Dønna i Nordland er ein av butikkane som fekk servicestøtte i 2021.

Søk om servicestøtte for 2022

24. mai 2022

No kan dei aller minste nærbutikkane søke om 100.000 kr i servicestøtte for 2022. Denne støtteordninga er ei statleg betaling for den servicen butikken yter til lokalsamfunnet.

Søknadsskjema for servicestøtte for 2022 er lagt ut på nettportalen regionalforvaltning.no.

Dersom butikken fekk støtte i fjor, må du levere ein kort rapport om korleis servicestøtta har vore med på oppretthalde butikken og servicefunksjonane før du kan søkje om støtte for 2020.

Dersom du har ein liten butikk som ikkje tidlegare har fått servicestøtte, må du ta kontakt med din Merkur-konsulent for godkjenning av butikken før du opprettar søknad.

Butikkar som får tilsegn om servicestøtte, vil i første omgang få utbetalt 75.000 kr.  Dei siste 25.000 kr blir utbetalt etter at butikken har levert rapport til Merkur for året som gjekk.

55 utkantbutikkar fekk i fjor statleg betaling for den service som dei gir til lokalsamfunnet. Butikkar som kan få servicestøtte, må ha under 4,0 millionar kroner i omsetning. I tillegg må butikken vere einaste daglegvaretilbod i lokalsamfunnet og ha minst 20 km avstand til næraste butikk – eller ligge åleine på øy.

Butikkane må dokumentere at dei tilbyr minst tre tilleggstenester eller servicefunksjonar, utanom sal av daglegvarer. Service-funksjonar er tilleggsoppgåver som butikken har tatt på seg i eigen regi eller oppgåver som butikken utfører for kommunen eller andre aktørar. Aktuelle servicefunksjonar kan til dømes vere post, bank, apotek, tipping, kafé, turistinformasjon, kommunal service med meir.

LES MEIR: Kva er servicestøtte?

SØK OM STØTTE: Her kan du søkje om servicestøtte