Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Rekordår for Merkurs støtteordningar
To personar handlar i butikk
NY TEKNOLOGI: Gavlen Fjellhandel i Tufsingdal i Telemark var ein av butikkane som fekk støtte til kjøp av ny teknologi for å kunne tilby sjølvbetjening. Foto: Torfinn Skåttet

Rekordår for Merkurs støtteordningar

9. mars 2022

Merkur-programmet sette ny støtterekord i 2021. 220 distriktsbutikkar fekk tilsegn om til saman 54,7 millionar kr i støtte til butikkutvikling.

Til samanlikning vart det formidla 52,9 millionar kr til 230 butikkar gjennom Merkurs ordinære støtteordningar i 2020.

I tillegg vart det i 2021 utbetalt 630.000 kr gjennom den spesielle ordninga med krisestøtte (Covid-19 kompensasjon), til nærbutikkar som vart spesielt hardt ramma av reiserestriksjonar og hytteforbod som følgje av pandemien.

Ny teknologi

Merkur forvaltar fem støtteordningar på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Investeringsstøtte til daglegvarebutikkar i Distrikts-Norge er den viktigaste ordninga. I 2020 vart det gitt tilsegn om 43,6 mill. kr til dette formålet. Dei meste av midlane gjekk til opprusting, utviding eller modernisering. 18 butikkar fekk støtte til teknologisk utstyr som gjer det mogleg å innføre sjølvbetjening og døgnopen drift.  24 butikkar fekk investeringsstøtte til drivstoffanlegg.

55 av dei aller minste butikkane fekk såkalla servicestøtte. Butikkane kan få 100.000 kr årleg som betaling for den servicen som dei gir til lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Dei fleste av desse butikkane ligg på øyar langs kysten.

12 bokhandlar fekk opptil 50.000 kr i utviklingsstøtte. Formålet med denne ordninga er å stimulere til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell arena og sikre utsette distriktsbokhandlar.

27 søknader vart avslått i 2021. Hovudårsaka til avslag er for kort avstand til neste butikk eller for høg omsetning. Merkur-styret har behandla 10 ankesaker og eit av avslaga vart omgjort.

Kompetanseprogram

2021 var også eit aktivt år på mange andre måtar:

  • 66 kjøpmenn har fått ny kompetanse ved å delta i Merkur utvikling.
  • 232 kjøpmenn har deltatt på regionale konferansar
  • 52 butikkar har fått bistand frå Merkur-konsulent til å gjennomføre omstillingsprosjekt i butikken.

Merkur er eit utviklings- og kompetanseprogram for butikkar i Distrikts-Norge. Målet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærbutikk og bokhandel av god kvalitet.

Merkur tilbyr opplæring og rådgiving og arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Programmet er eigd av Kommunal- og distriktsdepartementet og er ein del av Distriktssenteret.

OVERSIKT: Tildeling av Merkur-støtte 2021, sortert på fylke, kommune og butikk