Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  6 nye butikkar får døgnopen drift
To personar handlar i butikk
NY TEKNOLOGI: Gavlen Fjellhandel i Tufsingdal i Telemark var ein av butikkane som fekk støtte til kjøp av ny teknologi for å kunne tilby sjølvbetjening. Foto: Torfinn Skåttet

6 nye butikkar får døgnopen drift

20. september 2021

Det er stor interesse for Merkurs konsept med fleksible opningstider ved bruk av ny teknologi. Mange nærbutikkar over heile landet står no nærmast i kø for å tilby kundane døgnopen drift og delvis sjølvbetjening.

Fredag 3.september opna Gavlen Fjellhandel i Tinn kommune i Telemark den første ordinære Merkur-butikken med nye teknologiske løysingar, etter at pilotprosjektet med åtte nærbutikkar vart avslutta i vinter.

Butikken i Tessungdalen vil vente med døgnopen drift til dei har fått litt erfaring med den nye teknologien. Men målsettinga er at butikken skal vere open heile døgnet og at dei tilsette skal vere fysisk i butikken kunn i vanleg opningstid.

Fire opnar i haust

Seks nærbutikkar har hittil i år søkt og fått tilsegn om støtte frå Merkur-programmet for å investere i teknologi for adgangskontroll, sjølvbetjening og kamera-overvaking. Butikkane kan få opptil 600.000 kr, dersom dei er innanfor det regelverket som gjeld for støtteordningane.

Fire av desse butikkane planlegg overgang til døgnopen drift og delvis sjølvbetjening i løpet av hausten:

  • Gavlen Fjellhandel, Tessungdalen,
    Tinn kommune, Telemark

  • Nordmela Landhandleri & Kafé, Andøya,
    Andøy kommune, Nordland

  • Åmotdalsbui, Åmotsdal,
    Seljord kommune, Telemark

  • Øygardsgrend Dagligvare, Rødberg,
    Nore og Uvdal kommune, Viken

Stor interesse

I tillegg til desse butikkane, er ytterlegare åtte butikkar klarert av Merkur og aktuelle kjeder for å kunne søkje om støtte til nødvendige investeringar.

Det er svært stor interesse for døgnopen drift blant kjøpmennene. Det er venta at fleire titals butikkar vil gå over til delvis sjølvbetjening, i løpet av eit par år.

Butikkar som ønskjer å satse på døgnopen drift , må gå gjennom ein godkjenningsprosess. Kjøpmannen må ha forståelse for ny teknologi og vere motivert for å tileigne seg ny kunnskap. Butikken må i tillegg ha ei god butikkdrift og potensiale for auka omsetning.

Fleksible opningstider med ny teknologi har gitt butikkar i Distrikts-Norge ein kraftig vekst i omsetninga. Butikkane som deltok i Merkurs pilotprosjekt kom ut med ein netto omsetningsvekst på 33 prosent, etter at vi har justert for prisstigning og auka daglegvareomsetning som følgje av pandemien.