Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Nysgjerrig på den døgnopne nærbutikken
Seks personar i butikk
SUKSESS: Kjøpmann Stian Slemdal ved Nærbutikken Tufsingdal fortel Merkur-konsulentar om erfaringane ved overgang til døgnopen butikk.

Nysgjerrig på den døgnopne nærbutikken

13. september 2021

Merkur-styret og Merkur-konsulentane viste stor interesse for den sjølvbetjente og døgnopne butikken i Tufsingdal, under sin studietur til Innlandet.

Besøket på den sjølvbetjente og døgnopne butikken i Tufsingdal var eit av høgdepunkta då Merkur-styret og Merkur-konsulentane var på studietur til Røros og Trysil, saman med representantar frå Distriktssenteret.

Kjøpmann Stian Slemdal fortalde at investering i høgteknologisk utstyr for sjølvbetjening og adgangskontroll har gitt eit løft for landhandelen i Tufsingdalen. Omsetninga har auka med 40 prosent og butikken kom i fjor ut med eit bra overskot – for første gong. No må kjøpmannen tilsette eit ny medarbeidar for å ta hand om den kraftige veksten.

Viktig Merkur-støtte

Tufsingdalen var utan nærbutikk i tre år, etter at den gamle butikken brann ned. Engasjerte bygdefolk og hyttefolk etablerte då eit eigedomsselskap for å få på plass ein ny butikk. Os kommune gav ei hjelpande hand i form av tilskot frå næringsfondet.

Kommunen stilte også opp med økonomisk støtte då butikken ønskte å satse på fleksible opningstider ved hjelp av ny teknologi. I tillegg var kommunen positiv til søknaden om salsløyve for alkohol.

– Butikken er ein viktig del av lokalsamfunnet. Vi ønskjer å legge til rette for butikkdrifta ved å gi gode rammevilkår, sa varaordførar Per Ousten.

Nærbutikken-Tufsingdal.jpg

STUDIETUR: Den døgnopne og høgteknologiske butikken i Tufsingdal var viktigaste besøksmål på årets studietur for Merkur-styret og Merkur-konsulentane.

Merkur-programmet har gitt store økonomiske tilskot til Nærbutikken Tufsingdal, både til opprustinga av butikken og til teknologi for sjølvbetjening og døgnopen drift.

– Det hadde ikkje vore butikk i Tufsingdalen i dag, om det ikkje hadde vore for støtta frå Merkur, sa Bjørn Inge Bakken, styreleiar i eigedomsselskapet.

Unngjekk konkurs

Merkur-delegasjonen besøkte også Amneus boghandel i Røros, Sømådalen landhandel i Engerdal og Nærbutikken Fageråsen på Trysilfjellet.

Butikken på Trysilfjellet vart svært hardt ramma av hytteforbod og korona-restriksjonar som følge av pandemien i fjor. Men krisestøtte gjennom Merkur-programmet gjorde til at butikken unngjekk konkurs:

– Vi hadde ikkje hatt drift i butikken i dag, om det ikkje var for ekstraordinær Covid19-støtte, seier kjøpmann Anne Marit Myhre ved Nærbutikken Fageråsen.

Merkur-styret gjennomfører kvart år ein studietur for å møte nærbutikkar og distriktskommunar og bli betre kjent med dei utfordringane dei står overfor. Det er første gong at studieturen har gått til Innlandet.