Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Vincent leverer daglegvarer til kommunen
En person med handlepose står ved en bil
LOKAL LEVERANSE: Butikken på Nordagutu i Telemark har fått avtale om å levere dagligvarer til skole og omsorgsboliger. Foto: Privat

Vincent leverer daglegvarer til kommunen

10. juni 2021

Joker-kjøpmann Vincent ‘t Hart leverer daglegvarer til barne- og ungdomsskulen, kulturskulen og omsorgsbustader. – Eg vil absolutt anbefale andre nærbutikkar å få innkjøpsavtale med kommunen, seier han.

Vincent ‘t Hart ved Joker Nordagutu køyrer ut daglegvarer med varebilen til Sauherad barne- og ungdomsskule, SFO, kulturskulen, Flyktningtenesta, språkkafé og to bufellesskap/omsorgsbustader. Butikken hadde også leveransar til kommunehuset, før Sauherad slo seg saman med Bø kommune.

Leveransane til skular og andre kommunale einingar betyr at butikken blir veldig synleg i lokalmiljøet. Det er god reklame for butikken at den får levere til kommunen.

– Eg vil absolutt anbefale andre butikkar å få kommunal avtale, så lenge du har anledning til å plukke varer og kjøre ut, seier Vincent ‘t Hart.

Butikken på Nordagutu tilbyr også netthandel. Men så langt har ikkje inntektene stått i forhold til kostnadene ved å ha eit slikt tilbod.

Avgrensa konkurranse

Butikken på Nordagutu i Telemark fekk kontrakt med dåverande Sauherad kommune i 2018, etter å ha deltatt i ei kommunal anbodskonkurranse. Kontrakten galdt for to år, men opsjon for ytterlegare to år.

Kommunen la opp til ei avgrensa konkurranse og inviterte dei fire lokale daglegvarebutikkane til å gi tilbod. Avtalen omfatta innkjøp av matvarer frå lokale butikkar som blir gjort av kommunalt tilsette på vegne av kommunen.

Mat til storhushald, blomster og ferske brødvarer er ikkje omfatta av denne innkjøpsavtalen. Sauherad kommune valde å skilje mellom innkjøp til storhushald (t.d. sjukeheim) og innkjøp til små einingar (t.d. skular). Slik kunne kommunen tilrettelegge for at lokale daglegvarebutikkar fekk delta i konkurransen om å levere til skulane.

Bø kommune la også opp til ei avgrensa anbodskonkurranse då dei fekk på plass avtale om kjøp av matvarer til skular og barnehagar i 2017. Her var det Rema 1000 i Bø som fekk kontrakt på leveransane.

Utvikle næringslivet

Midt-Telemark kommune, som omfattar tidlegare Bø og Sauherad kommunar, har gått saman med sju andre kommunar for å etablere eit innkjøpssamarbeid. Ei av målsettingane med Telemark innkjøpssamarbeid er at dei kommunale innkjøpa skal bidra til konkurranse og til utvikling av lokalt næringsliv. Kommunane seier i sitt innkjøpsreglement at dei vil legge til rette for at lokale leverandørar kan delta i utlyste konkurransar, så langt lover og reglar gir høve til det.

Telemarks-kommunane ser at det kan vere eit godt grep å skilje mellom daglegvare-grossistar som er gode på å levere til storhushaldning, og lokale daglegvarebutikkar som kan levere mindre volum til skular og barnehagar.

Telemark innkjøpssamarbeid fekk i 2020 på plass ein rammeavtale om næringsmiddel som gjeld for alle kommunale verksemder i dei sju kommunane. Men dei har valt å gjere unntak for mindre verksemder som får gjere innkjøp av næringsmiddel gjennom eigne avtalar, med f.eks. lokale daglegvarebutikkar. Små grendaskular som har behov for daglegvarer, er med andre ord ikkje forplikta til å bruke rammeavtalen, men dei kan bruke den om det er formålstenleg.

I rammeavtalen for næringsmiddel som gjeld for alle dei sju kommunane, er det opna for stor grad av fleksibilitet. Kommunale einingar skal gjere innkjøp gjennom rammeavtalen. Men der er gjort generelt unntak når det gjeld uregelmessige innkjøp av mindre volum frå andre leverandørar, f.eks. daglegvarebutikkar. Det er også gjort generelt unntak for lokale leverandørar når det gjeld sesongprodukt og nisjeprodukt.

Utnytte handlingsrommet

Telemarks-kommunane følgjer i praksis opp rapporten frå Distriktsnæringsutvalet som slår fast at kommunane kan legge opp anbodskonkurransar slik at også lokale bedrifter kan delta.

«Dette handler om å ta initiativ, utnytte det lokale handlingsrommet kommunane har og fylle entreprenørrolla med innhald som fremmer det lokale næringslivet», seier distriktsnæringsutvalet.

Fleire distriktskommunar har siste åra vedtatt innkjøpsreglement der det blir presisert at kommunen vil legge til rette for at lokale leverandørar får moglegheit til å leverer varer og tenester til eiga kommune.

Kommunar som ønskjer å handle lokalt, har funne ut at det kan vere bra både for kommunen og for lokalt næringsliv om det blir lagt opp til ein fleksibel innkjøpspolitikk. Då kan store og krevjande innkjøp blir gjort i samarbeid med andre kommunar, medan mindre og meir lokale innkjøp kan gjennomførast på kommunenivå.

Vil du vite meir om kommunale innkjøp?

Mann framfor skjerm

WEBINAR: Kan kommunen handle lokalt?

Korleis kan kommunen legge til rette for at små lokale bedrifter kan delta i anbodskonkurransar? Kva handlingsrom har kommunen innanfor regelverket for offentlege innkjøp? Kan kommunen bruke innkjøpspolitikken til å få vekst og utvikling av det lokale næringslivet?
Sjå opptak av Distriktssenterets webinar! (25 minuttar)

Aktuelle fagartiklar om kommunale innkjøp:

Kommunen kan handle daglegvarer lokalt

Kommunale innkjøp som utviklar lokalsamfunnet

Innkjøpssamarbeid eller lokal handel? Ja takk, begge deler!