Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Rekordår for Merkurs støtteordningar
Person utenfor butikk. foto
OPPRUSTNING: Nærbutikken i Undredal var ein av dei som fekk støtte til utvikling og opprustning i fjor. På handletur, Steinar Fredheim, fagleiar for Merkur.

Rekordår for Merkurs støtteordningar

25. mars 2021

Merkur-programmet sette ny støtterekord i 2020. 231 distriktsbutikkar i 147 kommunar fekk økonomisk støtte til butikkutvikling. Aldri tidlegare har det vore så stor interesse for utbygging og modernisering av små nærbutikkar.

52,9 millionar kr vart fordelt gjennom Merkurs ordinære støtteordningar i 2020. Til samanlikning vart det formidla 52,4 millionar kr til 230 butikkar i 2019, som var også vart eit rekordår.

I tillegg vart det i 2020 utbetalt 4,7 millionar kr i krisestøtte (Covid-19 kompensasjon) til nærbutikkar som vart spesielt hardt ramma av reiserestriksjonar og hytteforbod som følgje av pandemien.

Etterspørselen etter støttemidlar var så stor at Merkur begynte å gå tom for pengar i slutten av august. Mange kjøpmenn fekk avslag på søknadane sine utover hausten. Men i slutten av oktober vart 3,5 millionar kroner omdisponert frå kompetanseprogrammet til støtteordningane slik at fleire kunne få støtte.

Modernisering

Merkur forvaltar fem støtteordningar på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Investeringsstøtte til daglegvarebutikkar i Distrikts-Norge er den viktigaste ordninga. I 2020 vart det gitt tilsegn om 40,8 mill. kr til dette formålet. Dei meste av midlane gjekk til opprusting, utviding eller modernisering. 34 butikkar fekk investeringsstøtte til drivstoffanlegg.

64 av dei aller minste butikkane fekk såkalla servicestøtte. Butikkane kan få 100.000 kr årleg som betaling for den servicen som dei gir til lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Dei fleste av desse butikkane ligg på øyar langs kysten. 2 butikkar fekk støtte til mindre utviklingstiltak.

10 bokhandlar fekk opptil 50.000 kr i utviklingsstøtte. Formålet med denne ordninga er å stimulere til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell arena og sikre utsette distriktsbokhandlar.

Krisehjelp

60 søknader vart avslått i 2020. Hovudårsaka til avslag er for kort avstand til neste butikk eller for høg omsetning. Merkur-styret har behandla 18 ankesaker og alle sakene har blitt avvist.

31 butikkar har fått krisestøtte gjennom den mellombelse ordninga med Covid-19-støtte. Dei aller fleste tilskota gjeld kompensasjon for kraftig nedgang i omsetninga i perioden mars-april, då pandemien slo innover landet.

Utviklingsprogram

Merkur er eit utviklingsprogram for butikkar i Distrikts-Norge. Målet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærbutikk og bokhandel av god kvalitet.

Merkur tilbyr opplæring og rådgiving og arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Programmet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og er ein del av Distriktssenteret.

OVERSIKT: Tildeling av Merkur-støtte 2020, sortert på fylke, kommune og butikk