Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Kjøpmannen som vart kåra til Årets namn
Tre personer med flagg og blomster. foto
GLAD: Marianne Gridseth fekk overrekt pris som Årets Driva-namn av redaktør Tommy Fossum. T. h. Kari Grete Røkkum Vevang frå Ålvundfjord Bygdelag og Ålvundfjord ungdomslag. Foto: Tina Fløystad, Driva

Kjøpmannen som vart kåra til Årets namn

30. desember 2020

Marianne Gridseth ved nærbutikken i Ålvundfjord vart så overraska at ho tok til tårene då redaktøren i lokalavisa Driva kom på døra for å gratulere ho som Årets namn. Avislesarane hadde stemt fram den lokale kjøpmannen som beste representant for Sunndal og Surnadal i 2020.

Nordmørs-avisa hadde nominert ti kandidatar som lesarane kunne stemme på som sin favoritt for heidersprisen. Årets avstemming fekk rekordstor deltaking, og kjøpmannen i Ålvundfjord stakk av med sigeren med 26 prosent av stemmene.

– Det er stas å løfte fram nokon som er ein del av førstelinja i samfunnet, i det spesielle året vi har vore gjennom, seier redaktør Tommy Fossum til Driva.

Glad i folk

Joker Ålvundfjord kan som andre mærbutikkar sjå tilbake på eit spesielt år, med mykje fokus på spriting og vasking.  Men handelen i 2020 har vore kjempegod, og Marianne Gridseth føler folk ser kor viktig nærbutikken er for bygda.

– Mottoet vårt er «Den gode naboen», og her treff du naboen. Her er det latter og det kan vere tårer. Du treff kjentfolk og slår av en prat. Vi har tid til eldre folk som treng hjelp, det er mange som spør kva dei skulle gjort utan oss. Då hadde dei ikkje kunne budd her, seier Marianne Gridseth til Driva.

På spørsmål om kva ho likar best med jobben, er ho ikkje i tvil om kva ho skal svare:

– Folket! Kundar, tilsette, bygdefolket, hyttefolket – alle som kjem innom! Eg gler meg til å fare på jobb kvar dag, å vere her for folk.

– På kva måte er butikken viktig for lokalsamfunnet?

– Vi er limet i bygda, svarar Marianne Gridseth.

Kvinne med blomster

RØRT: Kjøpmann Marianne Gridseth tok til tårene då ho fekk vite at ho hadde blitt kåra til Årets namn. Foto: Tina Fløystad

Aktiv bygd

Kjøpmannen i Ålvundfjord får hyllest frå kundar som stikk innom og frå Kari Grete Røkkum Vevang som representerer Ålvundfjord Bygdelag og Ålvundfjord Ungdomslag.

– Marianne er snar med å strekke seg ekstra langt for å hjelpe kundane og at ho alltid er blid, seier dei.

Ålvundfjord har eit aktivt bygdelag og ungdomslag som organiserer mange arrangement og aktivitetar, noko av dette er knytt til butikken.

– Det er viktig å skape litt liv å røre rundt her. Vi pla eigentleg ha julegrantenning 1. desember, men det vart annleis i år. I staden for at alle skulle samle seg til grantenning klokka fem, delte vi ut gløgg på butikken nokon dagar i forvegen. Ei jente frå bygda song «Jul i svingen» medan vi delte ut gløgg, så det var kjempekoseleg, seier Kari Grete Røkkum Vevang til Driva.