Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Samarbeid med lokalaviser om «Handle lokalt»
Avisannonser
KAMPANJE: Her er to av Handle lokalt-annonsane som no blir trykt i lokalaviser over heile Norge.

Samarbeid med lokalaviser om «Handle lokalt»

14. desember 2020

Merkur vil samarbeide med lokalavisene for å få fart på lokal handel. Landslaget for lokalaviser (LLA) har sett i gang ein annonsekampanje i over 100 aviser med gode argument for lokal handel og vil i tillegg inspirere lokalavisene til meir journalistikk om levande lokalsamfunn og lokal handel.

Landslaget for lokalaviser har ei målsetting om å gjere å gjere lokalsamfunna til ein betre plass å bu og leve – gjennom å styrke både nærbutikkane og lokalavisene.

– Butikkane og lokalavisene er på mange måtar i same båt. Utan eit livskraftig næringsliv og engasjerte lokalaviser, vil lokalsamfunna vere fattigare både på arbeidsplassar, lokalt engasjement og lokalt demokrati, seier marknads- og informasjonssjef Geir K. Hus i LLA.

Styret for Merkur-programmet meiner at det ligg til rette for samarbeid mellom Merkur og lokalavis-laget. Dette er i samsvar med synspunkta til kommunal- og moderniseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Landslaget for lokalaviser (LLA) er ein interesseorganisasjon for lokalaviser landet rundt. Avisene som er knytt til LLA,  dekkjer rundt 180 kommunar og har rundt ein million lesarar. Avisene når ein svært stor del av kundane til Merkur-butikkane.

Annonse-kampanje

LLA har  sett i gang ein annonsekampanje med tre heilsides annonsar som skal publiserast i lokalavisene fram mot jul. I tillegg vil det bli laga nye annonsar for vintersesongen, fram mot påske. Dei første annonsane vil kome i papiravis; etterkvart vil det også kome tilsvarande annonsar i avisene sine mobil- og nettutgåver.  Merkur har gått inn som sponsor for kampanjen.

I tillegg til annonsar legg LLA opp til å styrkje den lokale journalistikken om levande lokalsamfunn og lokal handel. Det skal skje gjennom intern opplæring og idéutveksling.

Merkur-butikkane får kvart år mange positive avisoppslag; det gjeld ikkje minst i koronaåret 2020. Merkur ser positivt på at avisene no vil setje av større ressursar til å jobbe med problemstillingar kring lokal handel. Lokalavis-laget vil også ta initiativ til ein stafett blant unge innbyggjarar med tema «Derfor vil eg bu, arbeide og handle i mitt lokalsamfunn!»

Nærmiljøet

Lokalavis-annonsane peikar på samanhengen mellom lokal handel og lokal utvikling og brukar den same argumentasjonen som Merkur har utvikla og brukt gjennom sine årlege «Handle lokalt»-kampanjar:

  • Handlar du varer og tenester lokalt, er du med på å gje meir liv til nærmiljøet ditt.

  • Når lokale butikkar og andre lokale bedrifter klarar seg brukbart, blir det arbeidsplassar og etter kvart fleire pengar i kommunekassa til helseteneste, kultur, skular, vegar, foreiningar og organisasjonar.

  • Når du handlar lokalt, får du både i pose og sekk. Du får som oftast det som du treng. Og du er med på å halde oppe ein viktig institusjon i nærleiken.