Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  10 bokhandlar får Merkur-støtte til utvikling
Person signerer en bok. foto.
LOKAL: Horjen Sokndal får støtte til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell møteplass. I haust signerte forfattar Egil Midtbø ei bok om lokal krigshistorie i bokhandelen. Foto: Horjen Sokndal

10 bokhandlar får Merkur-støtte til utvikling

9. desember 2020

10 små bokhandlar i Distrikts-Norge får støtte gjennom Merkur-programmet til å styrke og utvikle drifta. Bokhandlane får opptil 50.000 kr til å utvikle butikken som sosial og kulturell arena.

11 bokhandlar søkte om statleg utviklingsstøtte innan søknadsfristen 15.oktober. Fleire av søknadene var så mangelfulle at dei måtte returnerast og korrigerast i dialog med søkarane, før behandling.

Ti bokhandlar fekk innvilga totalt 473.000 kr i utviklingsstøtte. Kvar bokhandel fekk tilsegn om mellom 40.000 og 50.000 kr i støtte. Ingen av bokhandlane har fått innvilga 100 prosent støtte, noko som er i tråd med intensjonen om at butikken må stille med eigne midlar og eigen innsats for å få realisert prosjekta sine.

Einaste bokhandel

Ein søknad vart avslått då bokhandelen ikkje låg åleine i sitt nærområde. Tilbodet om utviklingsstøtte gjeld for Merkur-bokhandlar som er lokalisert i ein tettstad eller småby i Distrikts-Norge. Bokhandelen må vere einaste bokhandelen i tettstaden eller handelsområdet, og den må ha ei omsetning på under 7 millionar kroner.

Styret for Merkur-programmet har sett av 500.000 kr til utviklingsstøtte for bokhandlar, innafor den totale ramma for Merkurs støtteordningar som er på 42,6 mill. kr i 2020.

Mange distriktsbokhandlarar står ovanfor store utfordringar knytt til omstilling, etter at dei først miste salet av skulebøker til kommunane og seinare fekk større konkurranse som følge av netthandel, digitale medium og bransjeblanding.

Kultur-tilbod

Ordninga med utviklingstøtte skal mellom anna hjelpe bokhandlarar som ønskjer å leggje til rette for forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen.

Merkur-programmet som er Kommunal- og moderniseringsdepartementet verktøy for å utvikle distriktsbutikkar, har arbeidd med utvikling av bokhandlar i Norge sidan 2008. Målet er å sikre eit godt tenestetilbod i distrikta. Om lag 50 bokhandlarar deltar i dag i nettverket Merkur Bok.