Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Coops første pilotbutikk på bygda
Tre personer utenfor butikk
NY ÆRA: Volda-ordførar Sølvi Dimmen stod for nyopninga av butikken på Folkestad, flankert av driftssjef Fredrik Iversen i Coop Nordvest og Merkur-konsulent Atle Stadheim.

Coops første pilotbutikk på bygda

2. november 2020

Coop har opna sin første bygdebutikk med fleksible opningstider og ny teknologi, i samarbeid med Merkur-programmet. Det skjedde på Sunnmøre der Coop Marked Folkestad no kan halde ope utover kvelden utan at nokon av dei tilsette er til stades.

– Ein snakkar ofte om at digitalisering og nye løysingar skal gjere det lettare å bu på bygda. Dette er eit eksempel på det i praksis, sa Volda-ordførar Sølvi Dimmen då ho klipte snora og erklærte det nye butikk-konseptet på Folkestad for opna.

Når de tilsette på Coop Marked Folkestad går heim til vanleg tid klokka 18, vil teknologien ta over drifta av butikken fram til klokka 23 på kvelden. Tilsvarande vil opningstida om morgonen bli utvida frå klokka sju til ni, utan at butikktilsette er til stades.

Kundane låser seg inn ved bruk av en eigen app på mobiltelefonen, vel dei varene dei vil ha, og betalar i ei sjølvbetent kasse på vegen ut. Butikken har mykje innovativt sikkerheitsutstyr slik at kundane skal vere trygge. Dersom kamera registrerer unormal aktivitet, vil vektarar bli varsla.

kvinne utanfor butikk

COOP-KEY: Kundane får tilgang til butikken på kveldstid ved å skanne QR-kode på butikkdøra ved hjelp av ein Coop-app, forklarar butikksjef Tone Kristin Hjelle.

Hindre handelslekkasje

– Vi er stolte av å kunne invitere kundane på Folkestad og resten av Sunnmøre inn i ein av Europas mest moderne daglegvarebutikkar. Det blir utruleg spennande å sjå korleis kundane, som også er våre medeigarar, tar imot den nye teknologien. Det vil særleg være nyttig for kundar som i dag opplever at butikken er stengt når dei kjem seint heim frå jobb eller trening, seier Geir Espe, viseadministrerande direktør i Coop Nordvest.

– Det er ein viktig del av vårt samfunnsansvar å drive gode butikkar i distrikta. Å kunne utvide opningstidene vil hindre handelslekkasjen som mange lokalsamfunn opplever i dag. Derfor kan bruken av ny teknologi vere med på å bevare fleire distriktsbutikkar i framtida til glede for kundane våre, legg Espe til.

Nasjonalt Merkur-prosjekt

Coop Marked Folkestad deltar i Merkurs nasjonale pilotprosjekt med fleksible opningstider ved bruk av ny teknologi, saman med sju andre nærbutikkar. Fire butikkar er knytt til NorgesGruppen, to butikkar er knytt til Snarkjøp og to butikkar er knytt til Coop. Coop Marked Nedre Eggedal i Sigdal kommune planlegg opning i begynnelsen av desember.

NorgesGruppen og Snarkjøp har valt å bruke teknologien som vart utvikla ved Nærbutikken Hegna i Telemark. Coop har valt å byggje vidare på teknologien som vart utvikla for den heilautomatiserte Extra-butikken i Oslo i fjor sommar.

Erfaringane med pilotprosjektet er gode. Dei første nærbutikkane som tok i bruk den nye teknologien før sommaren, rapporterer om fornøgde kundar og sterk vekst i omsetninga.

Merkur er eit utviklingsprogram for bygdebutikkar, underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.