Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  31 nærbutikkar har fått Covid-19-støtte
To barn med sykkel og tre voksne utenfor butikk.
SALSSVIKT: Oves Varesenter i Masi er einaste butikk som har fått krisestøtte for mai/juni. Arkivfoto

31 nærbutikkar har fått Covid-19-støtte

29. september 2020

31 nærbutikkar har fått Covid19-støtte frå Merkur på grunn av salssvikt som følgje av korona-pandemien. Ein butikk fekk krisetøtte for mai/juni. Ingen butikkar har søkt om støtte for juli/august.

Sommar-handelen vart betre enn frykta for dei aller fleste butikkane i Distrikts-Norge. Fleire stader blir det meldt om stor auke i omsetninga på grunn av forbod mot utanlandsreiser og sterk vekst i talet på norske turistar.

Merkur fekk i vår 30 mill. kr til ei ekstraordinær støtteordning («Covid-19-støtte») til distriktsbutikkar som kom spesielt dårleg ut på grunn av hytteforbod og andre reise-restriksjonar knytt til korona-utbrotet. Kravet for å få tilskot var at butikkane hadde hatt minst 20 prosent reduksjon i omsetninga, samanlikna med same tid i fjor.

Så langt er det berre brukt 4,7 mil. kr av denne krisepakken. 30 nærbutikkar fekk støtte etter stor salssvikt i mars/april. To butikkar har fått maksimalt støttebeløp på 500.000 kr. Det gjeld Trysil Fjellhandel og Gaia Mat på Hafjell.

Berre ein butikk har fått støtte for perioden mai/juni. Det var Oves Varesenter i Masi i på Finnmarksvidda, som fekk 30.250 kr. Ingen butikkar har så langt søkt om støtte for perioden juli/august.

Dei fleste butikkane som har fått støtte, er typiske fjellbutikkar. Butikkar med få fastbuande og ei stor gruppe deltidsinnbyggarar vart ekstra hardt ramma av regjeringas forbod mot hytteopphald i påska.

Formålet med den ekstraordinære støtteordninga er å medverke til at butikkane overlever på lengre sikt, slik at innbyggjarar i distrikta er sikra tilgang til ein daglegvarebutikk i nærleiken også etter at koronasituasjonen er over.

Her er oversikt over butikkar som har fått Covid19-støtte pr. 25.september 2020:

tildelingsliste