Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  TV-reportasje om Merkurs pilotprosjekt
En person blir intervjuet av media. Foto.
HEGNA: Merkur-konsulent Hallvard Christenson blir intervjua av NRK framfor Hegna landhandel. Foto: Hans Olav Baksås

TV-reportasje om Merkurs pilotprosjekt

19. mai 2020

Kan utvida opningstider og delvis sjølvbetjening bli redninga for små nærbutikkar med svak lønsemd? Dette er spørsmålet som blir stilt i NRKs tv-reportasje om Merkurs pilotprosjekt for å prøve ut ny teknologi i åtte utkantbutikkar.

NRK har besøkt nærbutikken på Hegna i Telemark som var først i Norge med sjølvbetjening og døgnopen drift, etter installasjon av avansert utstyr for adgangskontroll, sjølvskanning, butikk-kamera og kommunikasjon med kundar.

HER KAN DU SJÅ TV-REPORTASJEN

TV-reportasjen vart sendt både på Distriktsnyhetene frå Agder og Norge i dag 18.mai. I tillegg vart det sendt ein radio-reportasje både på P2 og NRK Telemarks morgonsending.

Åtte Merkur-butikkar

Merkur har i samarbeid med kjedene Nærbutikken, Coop Marked og Snarkjøp plukka ut åtte distriktsbutikkar som skal gjere forsøk med fleksible opningstider med ny teknologi. Pilotprosjektet skal gi erfaring og læring som kan overførast til andre Merkur-butikkar.

Butikkane vil ha betjening på dei tidspunkt og i dei periodar som det er størst behov for personleg kontakt. Men den teknologiske løysinga gjer det muleg å utvide opningstida utan å måtte tilsetje fleire medarbeidarar.

Den første av forsøksbutikkane, Eksingedalen Snarkjøp i Vaksdal kommune, opna fredag 15.mai. Dei to neste butikkane, Svatsum Samvirkelag i Gausdal kommune og Lyngdal landhandel i Flesberg kommune, skal opne i juni.

Fornøgde kundar

I TV-reportasjen kjem det fram at kundar blir positivt overraska over den nye teknologien som er tatt i bruk:

– Fyrste gongen då var det litt uvandt. Men no går det heilt greitt, seier Astrid Aasgrav og Arne Slåtta til NRK

– Eg trur at dette kan bety veldig mykje for distrikta. Det kan senke kostnadene ved å drive ein butikk, samtidig som ein kan utvide opningstidene sine ganske mykje, seier Hans Olav Bakås, konseptutviklar og eigar av Hegna landhandel.

– Butikkane kan få ei anna lønsemd, kjøpmannen kan få ein annan kvardag og butikktilbodet i lokalmiljøet kan sikrast, oppsummerer prosjektleiar og Merkur-konsulent Hallvard Christenson.

LES MEIR: Her kan du lese NRKs reportasje om prosjektet (NRK Telemark og Vestfold)