Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Krisestøtte til utsette Merkur-butikkar
Butikk

Krisestøtte til utsette Merkur-butikkar

27. mars 2020

Regjeringa har i dag lansert to ordningar som vil vere til nytte for Merkur-butikkar som opplever inntektssvikt. Ei generell kompensasjonsordning for faste kostnader, og ei ekstra krisestøtteordning gjennom Merkur-programmet for utfordringar i Merkur-butikkar som ikkje kjem inn under den generelle ordninga.

To ordningar: generell og krisestøtte

Dei fleste Merkur-butikkane vil ha god nytte av den generelle kompensasjonsordninga for bedrifter med inntektssvikt, som vart varsla 27. mars. Den eigne ordninga for ekstrastøtte til Merkur-butikkar vil gjelde for butikkar med spesielle utfordringar, inntektssvikt og kostnader som ikkje er dekka av den generelle ordninga. Det er føreslått inntil 30 millionar kroner til ekstraordninga.

Utforminga av Merkur-ordninga vil bli samkøyrt med den generelle kompensasjonsordninga. Den er også avhengig av godkjenning i Stortinget. Det er signalisert at innretting av den generelle ordninga kjem om ei veke. I etterkant av det vil Merkur-programmet kome med meir informasjon om korleis ordningane vil fungere, kven som kvalifiserer for kva for ei ordning og korleis butikkane kan søkje.