Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Denne nærbutikken tilbyr «drive in»
Butikk med plakater.
KREATIVT: Ring inn bestilling, betal med Vipps og hent handleposen utanfor butikkdøra. Slik er tilbodet på Nærbutikken Grimo. Foto: Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

Denne nærbutikken tilbyr «drive in»

17. mars 2020

Nærbutikken på Grimo har stengt butikken for kundar, men tilbyr både varekøyring og utlevering av varer frå butikkdøra. Butikkar over heile landet gjer det dei kan for å skaffe daglegvarer til kundar som sit i karantene eller kvir seg for å bli smitta av folk dei møter på butikken.

Koronakrisa har skapt store utfordringar både for kundar og kjøpmenn. Fleire butikkar merkar ekstra pågang frå kundar i heimekarantene som ikkje lenger kan dra til butikken for å handle. Nokre får handlehjelp frå familie eller vener. Andre er avhengig av at kjøpmannen kan levere på døra.

Service er varemerket for nærbutikken. Mange nærbutikkar i Distrikts-Norge har hatt tilbod om heimlevering av varer i årevis. No blir tilbodet om utvida fleire stader.

Drive-in-stunt

Nærbutikken Grimo i Hardanger har stengt butikken for kundar. Men dei tar imot bestilling og tilbyr utkøyring av varer kvar dag etter klokka 17.

Butikken tilbyr også at kundar kan bestille varer, få dei pakka og så hente dei på benken rett utanfor butikkdøra.

– Tilbodet som nett er lansert via sosiale medium, er teke godt i mot, og mange har ringt allereie. Dette stuntet fungerer fordi vi er ein liten butikk og bygda ikkje så stor, seier kjøpmann Stein Hauge Aarekol.

Kjøpmannen er åleine i butikken. Den eine fast tilsette er permittert, og timevikarane nok må venta ein stund på oppdrag.

Må unngå smitte

Nærbutikken på Brøttum i Ringsaker har tidlegare levert mykje varer til skular og barnehagar. Men då skulane stengde, vart det plutseleg mindre køyring . No merkar dei pågang frå folk som sit i heimekarantene.

Kjøpmannen får bestilling via telefon og avtalar stad for levering. Så ringer han og fortel at varene er på plass. Betaling skjer med Vipps.

– Vi pleier å velje ein nøytral stad for levering. Det kan for eksempel vere ein gardsplass, utan at det er personleg kontakt mellom meg og kunden. Det heile er risiko- og smittefritt. Og slik må det sjølvsagt vere i desse koronatider, seier kjøpmann Pål Rogne til Ringsaker Blad.