Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Slik arbeider Merkur i koronakrisa
Butikk på fjellet.
KRITISK: Redusert hyttetrafikk får store konsekvensar for mange Merkur-butikkar som er avhengige av fritidstrafikken. Nærbutiken Gaia på Hafjell har stengt på ubestemt tid.

Slik arbeider Merkur i koronakrisa

16. mars 2020

Merkur deltar i den nasjonale dugnaden for å bremse koronasmitte. Vi avlyser alle reiser og fysiske møter. Men Merkur-konsulentane og Distriktssenteret vil framleis vere tilgjengelege for kjøpmenn og butikkar.

Distriktssenteret har oppmoda Merkur-konsulentane sterkt til å ta omsyn til den krevjande situasjonen. Konsulentane blir oppfordra til å bruke telefon, e-post og videomøte i staden for fysisk oppmøte i butikkane. Dette gjeld også for konsulentane sin kontakt med kommunar eller andre samarbeidspartar.

Konsulentane vil i utgangspunktet vere på jobb som normalt, men dei fleste vil ha heimekontor. Ta kontakt med din konsulent dersom du har behov for hjelp eller støtte.

I Distriktssenteret arbeider alle som handsamar søknadar og utbetaler støtte som vanleg, men frå heimekontor.

Tiltak mot smitte

Nærbutikkane har ei svært viktig rolle i ein krisesituasjon. Samfunnet er heilt avhengig av at kjøpmenn går på jobb og at butikkane held ope. Derfor er det også svært viktig at butikkane tar smittefaren på alvor og gjer det dei kan for at ikkje kundar skal smitte kvarandre eller kjøpmannen.

Fleire butikkar utvidar tilbodet med heimlevering av varer. Kundar som ønskjer det, kan bestille varer og få varene levert heim til seg. Dette er eit godt tiltak som vil redusere faren for smittespreiing.

Kritisk for mange

Mange distriktskjøpmenn er urolege for kva som vil skje med omsetninga dersom koronakrisa blir langvarig. Butikkar som hadde sett fram til ein god vintersesong med hyttehandel og påsketrafikk i fjellet, er redde for at påskehandelen skal bli den dårlegaste i manns minne.

Svært mange Merkur-butikkar er heilt avhengig av fritidstrafikk frå hytteturistar og andre tilreisande. Utan overskot frå sommartrafikken vil desse butikkane gå med underskot og risikere nedlegging. Dersom koronakrisa varer over sommaren, vil resultatet bli kritisk for mange butikkar.

Merkur vil følgje nøye med på kva for krisetiltak staten innfører for å hjelpe små og mellomstore bedrifter. Det er svært viktig at det kjem tiltak som sikrar daglegvare-tilbodet i Distrikts-Norge. Distriktssenteret kjem til å ha tett kontakt med Kommunal- og moderniseringsdepartementet om dette.