Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Ny støtte-rekord for Merkur
En person snekkerer
KAFFIKROK: Avital Stanger ved Leirgulen Handel i Bremanger fekk støtte frå Merkur til å etablere kaffikrok med kjøkken og toalett. Foto: David Zadig

Ny støtte-rekord for Merkur

13. februar 2020

Merkur-programmet sette ny rekord i 2019. 222 distriktsbutikkar i 137 kommunar fekk økonomisk støtte til butikkutvikling. Aldri tidlegare har det vore så stor interesse for utbygging og modernisering av små nærbutikkar.

52,4 mill. kr vart fordelt til distriktsbutikkar i 2019. Til samanlikning vart det formidla 34,4 mill. kr til 171 butikkar i 2018. Det gir ein vekst på 50 prosent.

– Nærbutikken er ein viktig samlingsplass i mange lokalsamfunn, og avgjerande for å oppretthalde levande bygder. Eg er glad for at heile 222 distriktsbutikkar har fått moglegheit til å utvikle og modernisere tilbodet dei gir til kundane sine, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Betre regelverk

Hovudårsaka til den rekordstore etterspørselen etter støttemidlar er endringane i regelverket for støtte som vart vedtatt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i august i fjor. Endringane i Merkur-forskrifta gjorde til at fleire butikkar kom inn under ei eller fleire støtteordningar. Samtidig vart maksimalt tilskot auka frå 400.000 til 600.000 kr.

– Den store etterspørselen etter investeringsmidlar vitnar om at butikkane i distrikta har tru på framtida og ønskjer å satse på utbygging og modernisering. Det lovar godt for framtida til mange norske bygder, seier Helleland.

Fire fylke peikar seg ut med stor investeringsvilje i 2019; det er Nordland, Sogn og Fjordane, Trøndelag og Finnmark.

Fleire drivstoffanlegg

201 daglegvarebutikkar fekk investeringsstøtte gjennom Merkur-programmet i fjor. Dei meste av midlane gjekk til opprusting, utviding eller modernisering av butikken.

35 butikkar eller lokalsamfunn fekk støtte til modernisering eller etablering av drivstoffanlegg i 2019. Etterspørselen etter støtte til drivstoffanlegg er dobla i forhold til året før.

59 av dei aller minste butikkane fekk såkalla servicestøtte. Butikkane kan få 100.000 kr årleg som betaling for den servicen som dei gir til lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Dei fleste av desse butikkane ligg på øyar langs kysten. 7 butikkar fekk støtte til mindre utviklingstiltak.

8 bokhandlar i distrikts-Norge fekk opptil 50.000 kr i utviklingsstøtte. Formålet med denne ordninga er å stimulere til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell arena og sikre utsette distriktsbokhandlar.

Utviklingsprogram

Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for butikkar i Distrikts-Norge. Målet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærbutikk og bokhandel av god kvalitet.

Merkur tilbyr opplæring og rådgiving og arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Programmet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og er ein del av Distriktssenteret.

OVERSIKT: Tildeling av Merkur-støtte 2019, sortert på fylke, kommune og butikk