Årets butikk på Sørvestlandet

Joker Erfjord i Suldal er årets Merkur-butikk på Sørvestlandet. Kjøpmann Anbjørn Vaage har oppnådd god vekst og gode resultat over mange år. Butikken har også eit godt samarbeid med kommunen.

to menn med diplom

PRISVINNAR: Anbjørn Vaage (t.v.) tok imot Merkur-prisen av direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret. Foto: Christian Dietrichson, Dagligvarehandelen

Då Anbjørn Vaage overtok butikken som 19-åring i 1980, hadde nærbutikken ei omsetning på 1,3 mill. kroner. I dag har butikken ei total omsetning på 18 mill. kroner.

Butikken har tilleggstenester som post, tipping, medisinutsal, drivstoffutsal og småbåthamn. Butikken tilbyr heimkjøring av varer kvar fredag. Kundane kan handle på nett og få varer levert på døra.

Utviklingsorientert

Årets Merkur-butikk på Sørvestlandet har alltid lege i forkant av utviklinga, og kjøpmannen har heile tida vore opptatt av å utvikle og fornye butikken. Kundegrunnlaget er fastbuande, hytter og gjennomgangstrafikk.

I dag nyt Anbjørn Vaage stor respekt både i Joker-kjeden, hos konkurrentar, leverandørar og kundar. Butikken har også eit tett og godt samarbeid med kommunen.

Femte generasjon

Kjøpmannen er opptatt av lokalsamfunnet og støttar den lokale fotballklubben og andre foreningar så langt det let seg gjere. Kvar første laurdag i august blir det arrangert Erfjordfestival rett utanfor butikken.

Joker Erfjord er ein ekte distriktsbutikk med lojale kundar, god drift og over 20 km avstand til næraste alternative innkjøpsstad.

Butikken har vore i same familie i nær 150 år, og Anbjørn Vaage er femte generasjons kjøpmann. Dottera Birgitte Vaage står klar til å føre drifta vidare.