På studietur langs Sunnfjord-kysten

Merkur-styret har denne veka vore på studietur på Sunnfjord-kysten, saman med Merkur-konsulentane og tilsette i Distriktssenteret. Tema for studieturen var samarbeid mellom kommune, butikk og lokalsamfunn.

Gruppe personar får orientering på ei kai

ROGNALDSVÅG: Kjøpmann Hans-Jacob Sunde ønskjer Merkur-folket velkommen til Rognaldsvåg i Flora kommune.

- Vi som jobbar med utvikling av distriktsbutikkar, har behov for å kome ut distrikta og oppleve litt av kvardagen der. Derfor har vi ein årleg studietur, kombinert med eit styremøte, seier styreleiar Inge Ryan.

- Turen til Flora, Askvoll og Naustdal kommune har vore veldig nyttig. Dette har vore ein av dei alle beste studieturane eg har vore på, legg Inge Ryan til.

Positive ordførarar

Merkur er i ferd med å avslutte eit pilotprosjekt for tettare samarbeid mellom kommune og nærbutikk i Sogn og Fjordane. Dette er bakgrunnen for at styret ønskte å besøke nettopp dette fylket.

Merkur-gjengen fekk møte ordførar Ola Teigen i Flora kommune, ordførar Ole Andre Klausen i Askvoll kommune og ordførar Håkon Myrvang i Naustdal kommune. Alle tre understreka kor viktig nærbutikken er som lokalt servicesenter og som kontaktpunkt for kommunen.

mann som snakkar

VIKTIG: - Lokale butikkar er viktig for busetting og utvikling av næringslivet, seier ordførar Ola Teigen i Flora kommune. Foto: Dan-Erik Aggvin

- Flora kommune er opptatt av å legge til rette for vidare busetting på øyane, fordi det er ein føresetnad for oppdrettsnæringa og anna næringsaktivitet, seier Ola Teigen.

Flora og Askvoll deltar i Merkurs kommune-prosjekt og har oppretta kommunale servicepunkt på fleire nærbutikkar. På denne måten er både fastbuande og besøkande sikra eit godt tenestetilbod.

Lokalt samarbeid

Merkur-arbeidarane fekk besøke Nærbutikken Rognaldsvåg, Nærbutikken Stavang, Joker Kvammen, Nærbutikken Vevring og Nærbutikken Svanøy.

Svanøy er eit godt eksempel på korleis lokalsamfunn og lokalt næringsliv kan samarbeide for å sikre og styrke lokalbutikken. Då den gamle butikkeigaren ønskte avløysing, vart det samla inn 1,2 mill. kr til eit driftsselskap som tok over butikkdrifta. I tillegg etablerte det lokale næringslivet eit eigedomsselskap som har kjøpt butikkbygget.

fire personar

STÅR SAMMEN: Lokalt næringsliv støttar aktivt opp om butikken på Svanøy. F.v. kjøpmann Lisa Myklebust, pensjonert kjøpmann Ole Svanøe, lakseoppdrettar Elin Tveit Sveen og hjortesenter-leiar Johan Trygve Solheim. Foto: Gunta Venge

- Vi veit at vi må stå sammen dersom vi skal få til noko på ei lita øy med 50 fastbuande. Vi byggjer stein for stein og heiar på kvarandre, seier Elin Tveit Sveen som både driv med lakseoppdrett og røykeri og er leiar for grendautvalet og driftsselskapet.