Spleiselag gav øya nytt drivstoffanlegg

Eit spleiselag mellom Karmøy kommune og Merkur-programmet sikra nytt drivstoffanlegg til øysamfunnet vest for Haugesund. Utan inntekt frå sal av drivstoff stod den vesle butikken på Feøy i fare for å bli lagt ned.

Fem personar ved drivstofftank

OPNING: Kjøpmann Jorunn M. Thorsen saman med stortingsrepresentant Sveinung Stensland (t.v.), Merkur-konsulent Lars Helgeland og ordførar Jarle Nilsen. Foto: Svein Thorsen

Det var folkefest på Feøy då det nye drivstoffanlegget vart opna i slutten av april. Karmøy-ordførar Jarle Nilsen og kring 100 personar møtte fram på opningsdagen. Stortingsrepresentant Sveinung Stensland klipte snora og etter det seremonielle var det kaffi og kaker på bedehuset.

Sal av drivstoff har vore svært viktig for Feøy Dagligvare. Sal av diesel har utgjort ein tredel av omsetninga på butikken.

Nærbutikken kom i akutt knipe på grunn av nye krav til oppbevaring og sal av drivstoff. Kjøpmann Jorunn M. Thorsen var avhengig av å få på plass eit nytt drivstoffanlegg før nyttår, dersom ikkje det skulle bli full stans i salet.

– Å bruke ein million kroner på eit slikt anlegg er alt for mykje pengar for meg å ta åleine, seier Jorunn M Thorsen til Karmøynytt.

Folk utandørs

FOLKEFEST: Både fastbuande og hyttefolk møtte fram då det nye drivstoffanlegget vart opna.

Støtte frå Merkur

Merkur-konsulent Lars Helgeland har jobba tett saman med nærbutikken på Feøy for å få kommunen med på eit samarbeid om finansiering av nytt drivstoffanlegg. Målsettinga har vore å få til eit spleiselag der Merkur gir 500.000 kr i investeringstilskot, kommunen gir 250.000 kr i investeringstilskot og butikken sjølv dekkjer 250.000 kr som eigenkapitaltilskot.

Karmøy kommune gjorde ei grundig vurdering av behovet for støtte før dei konkluderte med at dei ville vere med på spleiselaget. Kommunen har brukt midlar frå Havbruksfondet til å støtte opp om lokalbutikken.

- Det er naturleg at kommunen byggjer opp under dei tiltak som Merkur-programmet innstiller på i vår eigen kommune, seier rådmann Vibeke Vikse Johnsen i si innstilling til kommunestyret.

Viktig for øya

- Det er liten tvil om at Feøy Dagligvare er av stor praktisk og sosial betydning for bebuarar og hyttefolk på Feøy. Butikken bidrar til at det er lettare å drive anna næringsverksemd frå Feøy. Dette gjeld havbruk, sauehald, båtruter, hytte-, fiske og opplevingsturisme.

Det er naturleg at kommunen byggjer opp under dei tiltak som Merkur-programmet innstiller på i vår eigen kommune.
— Vibeke Vikse Johnsen, rådmann Karmøy kommune

Drivstoffsal er en vesentleg del av tenestetilbodet, og er også et viktig element i beredskapssituasjonar, konkluderer rådmann Vibeke Vikse Johnsen i Karmøy kommune.

tank for drivstoff

NYTT ANLEGG: Drivstoffanlegget har fått plass på kaia ved butikken på Feøy.

40 fastbuande

Det er i dag 40 fastbuande på Feøy, i tillegg til eit stort tal hytteeigedommar med godt besøk i helgar og sommarmånadar.

Nærbutikken er eit samlingspunkt for lokalfolk og hyttefolk. I tillegg til daglegvarer og drivstoff, tilbyr butikken post-i-butikk, Norsk Tipping, og andre tenester etter behov.