Rune fekk tilbake offentlege innkjøp

Butikken i Lysefjorden jublar for å fått tilbake offentlege innkjøp. Kjøpmann Rune Stangeland har no fått rammeavtale for å levere både storhushaldnings- og kolonialvarer til Forsand kommune, etter at oppdraget vart lyst ut på anbod.

mann utanfor butikk

GLAD: Rune Stangeland og Joker Lysefjorden får levere daglegvarer til kommunen igjen.

Joker Lysefjorden i Rogaland reagerte sterkt då Forsand kommune for to år sidan plutseleg sa opp innkjøpsavtalane dei hadde med lokale bedrifter. Kommunen valde å handle hos grossisten ASKO, som kunne levere daglegvarer til lågare prisar.

Både Forsand Byggservice og Joker Lysefjorden fekk ein kraftig reduksjon i omsetnaden. Byggeforretninga måtte leggje ned materialutsalet og Jokerbutikken måtte kutte ei halv stilling.

Kjøpmannen tok kontakt med Merkur-konsulent Lars Helgeland, som hadde fleire møte med kommunen. Han gjorde det klart at kommunen har anledning til å leggje til rette for at lokale bedrifter får delta i ein anbodskonkurranse. Dette kan skjer både ved å dele opp store oppdrag og ved å leggje inn andre kriterium enn berre pris, når anboda skal vurderast.

Lokalavisa Strandbuen og fleire lokale politikarar engasjerte seg i debatten. Kommunestyret følgde opp med å gjere vedtak der rådmannen vart pålagt å endre tildelingskriteria for innkjøp slik at ein kan leggje vekt på verdien av å handle lokalt, innafor dagens regelverk.

Då oppdraget vart lyst på anbod som ei avgrensa konkurranse, var Joker Lysefjorden einaste tilbydar. Nærbutikken tilfredsstilte både kvalifikasjonskrava og dei absolutte krava i konkurransegrunnlaget. Kjøpmann Rune Stangeland har no fått melding om at han får tilbake leveransane til skular og barnehagar.

LES: Kommunen kan handle lokalt